Nordsamisk på ni minutt

Nordsamisk på ni minutt

Nordsamisk på ni minutt

Av Trond Trosterud

Her kjem ei kort innføring i nordsamisk uttale. Nærare grunngjeving for å lære seg grunnprinsippa i samisk rettskriving trengst vel ikkje her til lands, vi grip med denne ortografiske innføringa rett inn i brennbare politiske spørsmål, og vil med ein gang åtvare om at det som her følgjer er i samsvar med den nye samiske læreplanen. Det var den politiske propagandaen, no til saka.

På same måten som finsk har nordsamisk eit svært godt skriftspråk. Bokstavane skal takast alvorleg, og dei har (nesten) alltid same lydverdi. Vi tar vokalane først, så er vi ferdige med dei, det er nemleg ikkje så mange av dei. i, e, a, uttalast som i norsk, men u og o uttalast som dei tilsvarande bokstavane i det norske ordet kumlokk, dvs. den samiske bokstaven u uttalast som namnet på den norske bokstaven o, og den samiske bokstaven o uttalast som den norske bokstaven å. Samisk er dermed som finsk, tysk, dansk, spansk, italiensk og andre normale språk (jf. tysk und, doch), og namnet Guovdageaidnu uttalast nøyaktig slik som det blir skrive. Les det ein gang til, høgt. Hugs u og o, ta det sakte, og auk på etter kvart.

Så har samisk ein bokstav vi ikkje finn i norsk, bokstaven á. Viss du skriv t.d. samiske namn, skal denne aksenten vera med, og han skal gå rett veg (oppover (á), og aldri, aldri feil veg, som er nedover (à)). Bokstaven á uttalast i Karasjok omtrent som norsk æ, i Kautokeino som lang a. Mitt tips er at de satsar på æ-varianten, for å vera på den sikre sida. Prøv sjølv: Sápmi, Min Áigi. Her passar det og å ta opp eitt av dei få unntaka til ein-bokstav-ein-lyd-prinsippet: i blir uttalt j viss han kjem etter ein vokal, altså: biila = “bijla”, áigi = “æjgi”.

Så var det konsonantane, og dei er det fleire av. Dei fleste uttalast som på norsk. Merk bokstaven h, som verkeleg uttalast h, også før konsonant, som i ordet johka (elv). Dei som veit korleis nordgudbrandsdølar seier “sukker” (suhker) forstår kva eg meiner. Konsonantane som blir bortimot rett viss vi latar som om dei er norske (vi tar konsonantsambanda etterpå!) er desse: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v . Dermed har vi gjort unna pliktløpet, og kan gå over til det artige.

Nordsamisk har to konsonantar som vi og har i det norske alfabetet, men som blir uttalt annleis på samisk enn på norsk. Den eine er c, som blir uttalt som ts i det norske ordet vits, t.d. i ordet ciellat (å skjelle ut). Den andre er z, som blir uttalt ds, t.d. i ordet sávza (ordet betyr sau, og uttalast altså sævdsa).

Nordsamisk har seks bokstavar som ikkje finst i det norske alfabetet. Dette er grunnen til at nordsamisk ikkje finst på tekst-TV, mens både lule- og sørsamisk ligg der (på s. 198). Men om bokstavane er ukjende, så er lydane dei representerer gamle kjenningar. ŋ uttalast som den siste lyden i norsk song, og lydane bak bokstavane đ og ŧ finn vi att i engelsk. Engelsk this thing ville med ei samisk (og god) rettskriving ha vorte skrive đis ŧiŋ. š representerer lyden som blir skrive sj på norsk, lånordet som vi skriv stasjon blir skrive stašuvdna på samisk.

Dermed står det att to bokstavar, č og ž. Den første er grei nok: Når c er kombinasjonen av t og s, blir č kombinasjonen av t og š. På same måten minner ž om z; der z vart uttalt som d + s, blir ž uttalt som d + š. Dette speglar eit system, sett opp i skjemaet nedanfor. Orda i parentes er norske ord, bokstavane med halvfeite typar representerer lyd som tilsvarer den samiske lyden. Eg er fullt klår over at det ikkje finst lydsager og lydsjøar, men vi veit korleis orda uttalast, og dei gir oss dermed dei korrekte samiske lydane:
 

visle lukke+visle lukke+visle
ustemt ustemt stemt+ustemt
tungespiss mot tannkam s (sør) c (vits) z (lydsag)
tungespiss bak tannrygg š (sjø) č (sketsj) ž (lydsjø)

Legg merke til at tabellen er systematisk sett opp: Lydane over kvarandre i kvar kolonne i dei to linjene er identiske, bortsett frå at lydane i første rad uttalast med tungespissen i overkant av 1 cm lengre fram i munnen enn lydane i 2. rad.

Som oppsummering listar vi opp bokstavane i det samiske alfabetet (med hjelp frå norsk eller engelsk i parentes der det trengst): a á (æ) b c (ts) č (tsj) d đ (that) e f g h i j k l m n ŋ (ng) o (å) p r s š (sj) t ŧ (thing) u (Oslo) v z (ds) ž (dsj).

Her kunne historia i grunnen ha stoppa, men dessverre er det ein del konsonantsamband som gjer ting litt meir komplisert. De kan dermed sjå på det de no har fått som delane i eit mekanosett. Det neste vi må gjere er å setje delane saman. Etter å ha presentert delane i byggesettet, går vi dermed over til ei Ikea-inspirert monteringsrettleiing.

Nordsamisk har fire diftongar, ea, ie, oa og uo. Av desse kan ea bli uttalt som ea, æ, eæ, ie, ia, t.d. i ordet heasta (hest). Her er det mange alternativ å velje mellom, ta t.d. . Dei andre diftongane blir uttalt akkurat som dei blir skrive (hugs! u som i norsk god og o som i godt!), altså giella (språk), oarji (vest), guovža (bjørn). Ein i etter ein vokal blir uttalt som j. Andre vokalsamband dannar ikkje diftongar, men står i ulike stavingar.

Hovudregelen for konsonantsamband er at to like konsonantar uttalast som ein lang konsonant. Skilnaden på viessu (huset) og viesu (husets) er med andre ord at viessu har ein lengre s enn viesu. Dei doble stemte konsonantane bb dd gg uttalast med siste del ustemt, dvs. som bp, dt, gk. Ordet oabbá (søster) bør dermed bli skrive “åabpæ” på norsk.

Når b/bb, d/dd, g/gg, z/zz, ž/žž kjem etter ein konsonant, blir dei uttalt ustemt. Altså skriv vi gálbi (kalv) men uttalar gálpi. Bokstavsambanda dj, lj, nj representerer såkalla palatale d-, l-, og n-ar, dvs. dei står for dei lydane vi finn i trøndersk og nordnorsk uttale av dei norske orda ladda, kalla og mann.
Der h står fora ein dobbeltkonsonant (hcc/hčč/hpp/htt/hkk…) er det h-en som er lang, og ikkje dobbeltkonsonanten. Det heiter såleis bihhtá, sjølv om det blir skrive bihttá. Der h står foran j, l, m, n, r blir resultatet ikkje uttalt som hj, hl, hm, hn, hr, men som ustemt j, l, m, n, r (dvs. som når du kviskrar desse lydane, eller, for dei som kan trøndersk, som den tredje lyden i ordet tatlat.
Sjølv om c er ts, blir ikkje cc til tsts, men til tts, og det same gjeld čč, zz og žž, som blir ttš, dds og ddš. Døme áccuhit (terge, ættsohit), vižžet (hente, viddšet).

Skal vi vera ærlege må vi og vedgå at det som står her ikkje fortel den heile og fulle sanninga, men det er alle fall langt, langt betre enn ingen ting. Ved å studere det som står her grundig vil du lære deg å lesa opp tekst på flytande skriftsamisk, ein standard som ingen eigentleg snakkar. Men resultatet vil vera forståeleg samisk, heilt på høgde med det som blir servert frå mang ein preikestol i Indre Finnmark.

Det var det, no kan de det, og det er ingen grunn til å skyte på samiske vegskilt meir!

Ei kort oppsummering til slutt: Bokstavane i det samiske alfabetet står først i denne artikkelen. Sett vi dei saman, finn vi at hj, hl, hm, hn, hr er ustemte j, l, m, n, r, h + dobbeltkonsonant gir lang h, andre dobbeltkonsonantar er lange, bortsett frå dei doble stemte (bb, dd, gg, zz, žž) som får ustemt slutt (pb, dt, osb.).

Som finale tar vi eit par leseøvingar: Først dei offisielt tospråklege kommunane: Deatnu (Tana), Gáivuotna (Kåfjord), Guovdageaidnu (Kautokeino), Kárášjohka (Karasjok), Unjárgga (Nesseby), Porsaŋgu (Porsanger). Deretter eit par andre namn: Váhčir (Gällivare) Čáhcesuolu (Vadsø). Men hugs! Samiske namn brukast berreæ når de skriv på samisk! På norsk heiter det Tana, og korkje Deatnu eller Deatnu/Tana. Så denne lista: Mánnodat, disdat, gaskavahkku, duorastat, bearjadat, lávvardat, sotnabeaivi.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *