Kva er rett?

Eit sentralt element i språkdebattar, så vidt eg evnar å forstå det, er todelinga: naturlig utvikling og forvaltning. Altså den gode gamle liberalismen versus konservatismen. I forhold til språk: kva er rett?

Ein kvar vaken konservativ, språkpuritansk, regelryttar (eg kan adjektiv. Eg har dei beste adjektiva) ville sett feilen eg gjorde i ingressen. No kjære lesar, skal eg hånlig overraske deg om at eg har ikkje gjort noko feil. Alt er lov om ein brukar det som eit litterært grep i ein blogg. I og med at blogg er ein like regelrett sjanger som lyrikken, kan eg gjere kva faen eg vil! Du tek nemleg ikkje den kroppen her i å bruke «i forhold til» feil!

*Kremt* Moving ån… Eg lenar meg openbart litt mot den konservative sidan i språkdebatten. Eg menar at ein kan styre språket og konvensjonane, ved å setje fokus på språkutviklingar ein meiner er feil. Slik som Per Egil Hegge har gjort med forholdisme.

Til dokker som ikkje har svike dei proletariske røtene totalt, kan eg kome med litt innside-informasjon frå dei lumske krokane borte hos Aftenposten. Der har FEIL bruk av «i forhold til» blitt satt på dagsorden til gangs (eg trur det bare var der. Eg las bare Aftenposten på den tida – eg hørte forresten mykje på Aftenpodden også). Her ble språkfeila kartlagt og spotta i sann skadefryd på kostnaden av alle toppolitikarane, akademikarane og elles folk som torde å spe på syntaksten sin med ord som openbart høyrte sekunderdiskursen til, men som ikkje hadde noko i setningane deira å gjere. For ei tid og for ei lykke! Å kva var resultatet? Kristin Storrusten (i år) konkluderte i same tidskrift med følgjande: «Per Egil hegge har vunnet. Rett og Slett.»

Min konklusjon blir derfor: lenge leve språkkonservatismen! Neida. Samstundes som forholdismen ble tatt attom fjøset for eit velfortent nakkeskott, har språket endra seg overalt. Ord har gått av moten, blitt gløymt, endra tyding eller blitt sensurert gjennom politisk korrekte danningsprosessar. Mykje av det har gått mange oss hus forbi. Om ein ønsker å sjå språkpolitikk som ein krig, så har dei språkkonservative kreftane i samfunnet altså vunne slaget, men tapt krigen. Er da ein språkliberal haldning rett? Ikkje faen.

Språk, som kulturen, er i konstant endring. Det er vi som brukar språket som endrar det mens vi brukar det. Det er eit evig samspel mellom individ og samfunn, der samfunnet formar språket til individet og motsett. Språk er ikkje krig for svarte. Det er demokrati i praksis. Gjennom språkbruk og det å ta ordet blir alle «frontane» representert i det nye språket, om dei slepp til og deltar i debatten på ein overtydande måte. Det som er rett blir da, det vi blir einig om – når Språkrådet har godkjent det.

 

 

Referanse

1 Forholdisme. I Wikipedia (ja, SNL er visst for flott til å skrive om VIKTIGE ting!). Henta 7. september 2020 frå https://no.wikipedia.org/wiki/Forholdisme

2 Storrusten, Kristin. (2020, 9. juli). I FORHOLD TIL er død, leve MED TANKE PÅ. Aftenposten. Henta frå: https://www.aftenposten.no/kultur/i/jdomWo/i-forhold-til-er-doed-leve-med-tanke-paa

 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *