Fornorska literacy

Våra møte med literacy 

Da me fyst møtte literacy i teorien på utdanninga, møtte me omgrepet tekstkunne. Me trudde me hadde en forståing for omgrepet, men etter å ha starta dette skuleåret sjå me at me ikkje hadde forståing for heile omgrepet. 

 

Historisk
Omgrepet ‘Literacy’ har sitt utgangspunkt i det latinske omgrepet Littera og direkte omsett frå Engelsk handlar literacy om evna til å kunne lese og skrive. Tidlegare blei literacy forstått på nettopp denne måta, at det handla meir om meistring av alfabet og kunne skape meining med verbalspråk (Blikstad-Balas, 2019, s. 9-11).   

Den dag i dag handlar literacy om mykje meir enn det å kunne setje saman bokstavar og få dei til å bety noko og det finnast ulike årsaker til kvifor forståinga for omgrepet har endra seg gjennom tida. Blikstad-Balas (2019, s. 10) visar til to årsaker kvifor innhaldet til omgrepet har utvida seg. Den fyste er forståinga for at det ikkje berre er verbalspråk som kan formidle meining, bokstavar vert ofte sett i lys av andre modalitetar, som saman formidlar ein meining. Den andre årsaka er at bokstavar, ord og tekstar ikkje opptrer aleine, dei er ein del av ein større sosial og kulturell samanheng som vert påverke av korleis tekstar blir skrevet, lest og oppfatta. Skjelbred & Veum (2013, s. 12-14) visar også til at forståinga kan sjåast i lys av endringa som har hendt i samfunnet. Lesing og skriving har ikkje alltid vore en kompetanse som alle har beherska i samfunnet, og kom fyst og fremst på banen for at samfunnet skulle innlemmast i den religiøse tekstkulturen. Det at fleire beherska lesing og skriving bidrog til økt mangfald av tekster, der også fleire modalitetar kom meir på banen.  

   

Definisjon 

Sjølv om omgrepet har verte meir kjend, er det ein ueinigheit om me skal ta i bruk det engelske omgrepet eller kva omgrep me kan bruka på norsk. Dette kan forklarast med at det er enkelt å bli frustrert i møtet med omgrepet literacy da både i val av omgrep, men også at omgrepet er vanskeleg å avgrensa. Ein kjend internasjonal definisjon er utforma av UNESCO: 

Literacy is the abilty to identify, understand, interpret, create, communicate and compute, using printed and written materials associated with varying contexts. Literacy involves a continuum of learning in enabling individuals to achieve theirgoals, to develop their knowledge and potential, and to participate fully in theircommunity and society (UNESCO, 2017) is the abilty to identify, understand, interpret, create, communicate and compute, using printed and written materials associated with varying contexts. Literacy involves a continuum of learning in enabling individuals to achieve their goals, to develop their knowledge and potential, and to participate fully in their community and society (UNESCO, 2017) 

Definisjonen til UNESCO er ganske omfattande og detaljert. Det tek både for seg kva literacy skal gjere deg i stand til, som blant annet evna til å identifisere, forstå, reflektere og evna til å gjere dette i ulike kontekster. Videre skal denne kompetansen mogleggjere å oppnå sine mål, gje tilgang til læring og utvikle sin kunnskap og potensial, for å gi full deltaking i samfunnet. Literacy skal gjere deg i stand til, som blant anna evna til å identifisere, forstå, reflektere og evna til å gjere dette i ulike kontekster. Vidare skal denne kompetansen mogleggjere å oppnå sine mål, gje tilgang til læring og utvikle sin kunnskap og potensial, for å gi full deltaking i samfunnet.  Omgrepet er stadig i utvikling og kan difor endrast, slik at måten me ser på omgrepet i dag kan vere annleis i morgon. 

  

Tolking   

Omgrep som blir nytta i Norge er blant anna tekstkunnskap, litterasitet og tekstkunne, tekstdugleik, litterasitet og tekstkyndighet. Vi vil bruke omgrepet litterasitet, sidan dette er eit fornorska ord og det omgrepet som liknar mest på engelske. Vi har sett på kva dei ulike teoretikarane legg i omgrepet og korleis dei ulike omgrepa kan bli avgrensa for mykje om man veljar dei. Slik som tekstkunne og tekstdugleik, kan avgrensa omgrepet med å bruke kunne og dugleik med tydinga for de omgrepa. Litterasitet er eit ord som ikkje er vorten brukt før og kjennes meir open omgrep, slik at da passar det til beskrivinga om at literacy er eit omgrep i stadig utvikling. 

 

Skriven av Cathrin Sjøveian Fredriksen og Kristine Holten Langaas

 

Kjelder 

Blikkstad-Balas, M. (2019). Literacy i skolen. Oslo: Universitetsforlaget  

Skjelbred, D., Veum, A. (2013). Literacy i læringskontekter. InnledningLitteracy i læringskontekster. Oslo: Cappelen Damm 

UNESCO (2017). Reading the past, writing the future. Hentet frahttps://unesdoc.unesco.org/ark:/48223/pf0000247563 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *