Er alternativ behandling farleg for born?

Skriven av Ola Lillenes, informasjonssjef ved Nasjonalt forskingssenter innan komplementær og alternativ behandling (NAFKAM), UiT Noregs arktiske universitet

Viss foreldre sitt høve til å gje born alternativ behandling vert innskrenka utan at det er tilstrekkeleg basert på fakta, kan slik behandlingspraksis gå «under radaren». Det er truleg ikkje gunstig.

Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

NAFKAM reknar born under 12 år som ei sårbar pasientgruppe, særleg fordi dei ikkje tek val om behandling sjølve. Ei undersøking vi gjorde i 2017, synte at minst 40.000 born hadde vore hjå alternative behandlarar det året, og at 15 prosent av norske foreldre ga borna sine kosttilskot eller urtemedisinar for å førebyggje eller kurere helseproblem. Det var òg fleire som ville ta med seg borna sine til alternativ behandlar, enn som ville gå med sine eigne helseproblem til slike behandlarar. Vi fann òg at nordmenn sitt syn på alternativ behandling til born var delt: Om lag 40 prosent var tydelege på at det ikkje bør vere lov å gi slik behandling til born, medan dei siste 60 prosentane fordelte seg ganske likt mellom anten å vere positive eller nøytrale.

Dei siste åra har dette temaet òg vore oppe i samfunnsdebatten: Kva kan skje når foreldre vel å prøve alternativ behandling for borna sine? Kan vi stole på at foreldra tek gode helseval for dei, eller bør born vernast mot slik behandling gjennom strengare regulering?

Ei undersøking vi gjorde i 2017, synte at minst 40.000 born hadde vore hjå alternative behandlarar det året, og at 15 prosent av norske foreldre ga borna sine kosttilskot eller urtemedisinar for å førebyggje eller kurere helseproblem.

Lovverket: born er ikkje ei spesiell pasientgruppe

Ola Lillenes Foto: Privat

Dei norske reglane for den som tilbyr alternativ behandling, er mellom dei mest liberale i Europa: I praksis kan kven som helst behandle nesten kva som helst, utan å måtte syne til medisinske kunnskapar. I verste høve kan det føre til at symptom blir oversett eller tolka feil. Dette kan medverke til at pasienten ikkje får nødvendig og verksam behandling fort nok, og helsetilstanden kan bli verre.

Kritikarar av ordninga som vi har i dag, har meint at alternativbransjen set «unødige diagnosar» basert på uklåre symptom, og at dette kan føre til overbehandling av pasientar utan samtykkekompetanse. Dei meiner at vi bør sjå til Sverige, der ein ikkje har lov å gje alternativ behandling til born under åtte år.

Dette har blitt møtt med argument som at aldersgrense og forbod er ei uheldig innskrenking av foreldreansvaret, som kan føre til at slik behandling av born går «under jorda». Nokre har og peika på at regulering vil gje eit uheldig inntrykk av at staten går god for at alternativ behandling «verkar».

Kva veit vi eigentleg?

Vi har sett nærare på korleis den organiserte delen av bransjen sjølv vurderer bruken, grunnar og mål for alternativ behandling på born, og korleis forbunda regulerer medlemmane for å handtere denne pasientgruppa. 42 av 69 kjende forbund for alternative behandlarar tok del i undersøkinga vår. Dei som svarte, ga oss dermed kunnskap om korleis born vert møtt hjå 7.100 slike behandlarar.

Berre 17 % av forbunda stadfesta at medlemmane deira ikkje behandlar born under 12 år. Til saman litt over halvparten opplyste at medlemmane deira behandlar born i ulike samanhengar. Nesten alle desse sa at dei har særlege reglar for behandling av born, som t.d. at behandlaren skal spørje om barnet fyrst har vore hos lækjar med plagene sine, og om barnet får skulemedisinsk behandling for plagene. Om lag ¼ sa at dei hadde andre reglar, som til dømes at foreldra må vere samde om å nytte slik behandling; eller at ein av dei skal vere med under behandlinga.

Undersøkinga synte og at dei fleste av desse borna fyrst har vore hjå lækjar, og at den alternative behandlinga vert nytta som eit tillegg til skulemedisinsk behandling – ikkje i staden for. Dette fell saman med det vi veit om vaksne nordmenn sin bruk av alternativ behandling. Vi kan difor gå ut frå at risikoen for at alternativ behandling kan hemme den skulemedisinske behandlinga eller gi andre uventa reaksjonar, er den same for born som for vaksne.

Dei helseproblema som forbunda meinte er grunnen til at born vert tekne med til alternativ behandlar, såg ut til å vere vanlege plager for pasientgruppa. Nokre av desse vert rekna som ikkje spesifikke og utan tilbod om verksam behandling i helsevesenet. Ifylgje forbunda, såg foreldra sine mål for behandlinga ut til å vere i tråd med dette, ved at dei fleste håper at ho vil dempe eller lindre plagene framfor å kurere dei.

Ein del av svara tydde på at foreldre òg kjem med alternativmedisinske forståingar av sjukdom og plager, som t.d. «ubalansar», «blokkeringar» eller «lave energiar». Slike nemningar er uvanlege i helsetenesta, og saman med alternativbransjen sin bruk av ulike verkty, testar og målingar har «alternative diagnosar» blitt kritiserte for å medverke til overbehandling og helseangst.

Nokre av tilboda som famnast av forbunda som svarte, kan reknast som metodar og teknikkar for sjølvhjelp der ein skal lære å bruke dei frå ein instruktør. Det kan vere vanskeleg å avgjere om desse er helserelaterte slik at lovverket for alternativ behandling gjeld, eller om dei skal reknast som pedagogiske tiltak for vanlege utfordringar. Ved slike høve kan rolleforståinga til den profesjonelle parten ha noko å seie for tryggleiken til pasientar som oppsøkjer dei for hjelp med eit helseproblem. Hovudansvaret for at dette er klårt og tydeleg, må ligge hjå utøvaren.

Vi kan difor gå ut frå at risikoen for at alternativ behandling kan hemme den skulemedisinske behandlinga eller gi andre uventa reaksjonar, er den same for born som for vaksne.

Så å seie alle forbunda som svarte, sa at dei stiller visse krav til utdanning til medlemmane, og har ei form for klageordning for pasientane. Dei faglege krava sprika likevel mykje, og ein kan ikkje gå ut frå at medlemsskap i eit forbund garanterer at behandlaren har tilstrekkelege medisinske kunnskapar. Ingen forbund sa at dei hadde fått inn klage på medlemmane si behandling av born dei siste tre åra. Forbunda uttrykte ulike syn og oppfatningar av risiko på spørsmålet om dei sjølve tykte at høvet til å gi alternativ behandling til born bør regulerast annleis enn i dag: Kring kvart femte forbund meinte at styresmaktene bør vurdere å endre reguleringa.

Dette bør vi få meir kunnskap om:

Truleg er mykje av bruken av alternativ behandling på born allereie taus og tabubelagt. Viss foreldra sitt høve til å gje born slik behandling vert innskrenka utan at dette er tilstrekkeleg basert på fakta, er vi på NAFKAM redde for at slik behandlingspraksis går enda meir «under radaren».

Undersøkinga vart gjort blant leiinga i forbunda, og ikkje ute «i felten» blant foreldre og behandlarane som dei oppsøkjer. Mange forbund mangla opplysingar til å svare anna enn «veit ikkje» på spørsmåla våre. Truleg er det difor store mørketal på fleire viktige punkt for pasienttryggleiken:

Foreldra sine grunnar og mål for å ta med borna til alternativ behandlar; metodane og verktya behandlarane nyttar seg av for å avgjere helsetilstanden og behandling av desse borna, samt den totale behandlingssituasjonen deira bør undersøkjast nærare. Nokre forbund uttrykte og at dei ikkje oppfattar seg som «alternative behandlarar» og at lovverket dermed ikkje famnar dei.

Vi har òg lite kunnskap om kva den alternative behandlinga fører til hos desse borna: Får dei det betre eller verre, eller vert dei som før? Vert borna uroa av alternativbehandlarane sine målemetodar og «alternative diagnosar»?

Truleg er mykje av bruken av alternativ behandling på born allereie taus og tabubelagt. Viss foreldra sitt høve til å gje born slik behandling vert innskrenka utan at dette er tilstrekkeleg basert på fakta, er vi på NAFKAM redde for at slik behandlingspraksis går enda meir «under radaren».

Inntil vidare er born avhengige også på dette feltet av at dei føresette tek trygge og gode val for seg. Både dei som tek born med til alternativ behandling og dei som gjev slik behandling, har ansvar for ekstra varsemd slik at born ikkje vert utsette for meir ubehag, smerte eller risiko enn naudsynt.