Lik tilgang til helsetjenester

Av Guri Skeie, førsteamanuensis i ernæring ved Institutt for samfunnsmedisin UiT og Arthur Revhaug, klinikksjef kirurgi, kreft og kvinnehelseklinikken, UNN og professor ved Helsefak UiT.

Nord-Noreg treng ernæringsfysiologar – kva ventar ein på?

I Noreg skal alle skal ha lik tilgang til helsetenester, uavhengig av kor vi bur i landet. Slik er det ikkje når det gjeld ernæring. Det er over dobbelt så mange kliniske ernæringsfysiologar per innbyggjar på Austlandet som i resten av landet. Det kan – og må vi gjera noko med!

Kliniske ernæringsfysiologar er ekspertar på ernæringsbehandling (sjå boks). I Helse Nord finst det berre 16 av dei i spesialisthelsetenesta (sjå figur 1), i tillegg jobbar det berre tre på kommunalt/fylkeskommunalt nivå, i Nordland. I Troms og Finnmark jobbar ingen med slik bakgrunn i primærhelsetenesta. Helsedirektoratet tilrår at primærhelsetenesta bør ha 10 kliniske ernæringsfysiologar per 100 000 innbyggjar. I tillegg bør det vera minst 1,5 årsverk per 100 vaksensenger og per 30 barnesenger i spesialisthelsetenesta. Ingen delar av landet oppfyller tilrådinga for primærhelsetenesta. I vår helseregion burde det vore 45-50 stillingar for kliniske ernæringsfysiologar berre i primærhelsetenesta. I rapporten «Behovet for spesialisert kompetanse i helsetjenesten. En status-, trend- og behovsanalyse fram mot 2030» skriv Helsedirektoratet at om førebyggingsarbeidet i kommunane skal lukkast bør alle kommunar ha tilgjengeleg kompetanse innan klinisk ernæring.

Tilgangen til helsetjenester er ikke likt fordelt i landet, skriver artikkelforfatteren.

Tilgangen til helsetjenester er ikke likt fordelt i landet, skriver artikkelforfatteren.

Kosthald er viktig!

Usunt kosthald, særleg lågt inntak av frukt, grønsaker, nøtter og frø, omega-3 feittsyrer og høgt inntak av salt, er til saman den faktoren som bidreg mest til sjukdom og død i Noreg i følgje Folkehelserapporten (sjå til dømes figur 2). Studiar syner også at kvalifisert kostrettleiing til personar med høgt kolesterol eller nedsett glukosetoleranse er kostnadseffektivt for å førebyggja diabetes og hjarte-karsjukdom. Kosthald er såleis viktig førebyggjande, men også for at folk skal klara seg betre når dei får annan sjukdom. Fleire undersøkingar har synt at 30-40% av pasientane er i ernæringsmessig risiko ved innlegging i norske sjukhus og sjukeheimar. Helsedirektoratet har laga nokre enkle reknestykke som tyder på at berre med førebygging og behandling av underernæring i sjukehusa vil ein kunna spara 800 millionar årleg på grunn av kortare liggjetid. I tillegg sparer ein sjølvsagt mykje sjukdom og plager!

Antall dødsfall som kan tilskrives den enkelte risikofaktor etter dødsårsak (2010). Kilde: www.fhi.no/folkehelserapporten

Antall dødsfall som kan tilskrives den enkelte risikofaktor etter dødsårsak (2010).
Kilde: www.fhi.no/folkehelserapporten

Nytt studieprogram i ernæring til UiT

Initiativet til å oppretta ei utdanning i klinisk ernæring på UiT – Noregs arktiske universitet har kome frå fagmiljøa i UNN og UiT. Hugo Nilssen, leiar for ernæringssenteret ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg seier: «Det er vanskelig å rekruttere kvalifiserte kliniske ernæringsfysiologer, særlig i Nord-Norge. Vi trenger derfor en utdanning av denne faggruppen i landsdelen.» Utdanninga i klinisk ernæring vil bli bygd opp av eit bachelorprogram i ernæring og eit masterprogram i klinisk ernæring. For å få autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog må ein i tillegg gjennom ein kort praksis. Vi veit frå andre utdanningar som medisin, tannhelse og psykologi, at ein stor del av studentane blir buande i regionen der dei vart utdanna. Dette er også ein grunn til at Helsedirektoratet har tilrådd at det blir utgreidd å oppretta utdanningar i Tromsø og Trondheim. Ved UiT har vi hatt studieplanen for bachelorstudiet klar i lengre tid. Vi manglar berre finansiering frå Kunnskapsdepartementet.

Regjeringa skreiv i stortingsmelding 13 (2011-12) Utdanning for velferd – Samspill i praksis: «Regjeringen vil styrke og kvalitetssikre rådgivningen på ernæringsområdet gjennom gode utdanninger, og vurdere tiltak for å sikre tilstrekkelig tilgang på kliniske ernæringsfysiologer over hele landet».

Kva ventar dei på?

Kva gjer ein klinisk ernæringsfysiolog?

  • førebygging, utgreiing og behandling av ulike ernærings og kosthaldsrelaterte lidingar
  • kartlegging av ernærings- og helsetilstand
  • kvalitetssikring av ernæringstilbodet
  • plan- og strategiarbeid
  • utdanning/opplæring/rettleiing av pasientar, personell og studentar
  • prosjekt- og fagutviklingsarbeid
  • forsking
Print Friendly, PDF & Email