Literacy eller literasitet

Literacy er eit omgrep som den siste tida har spreidd seg i fagmiljøet og som no er eit veletablert omgrep internasjonalt. For å forklare kva literacy er, vil eg bruke UNISCO si definisjon av omgrepet:

Literacy is the ability to identify, understand, interpret, create, communicate and compute, using printed and written materials associated with varying contexts. Literacy involves a continuum of learning in enabling individuals to achieve their goals, to develop their knowledge and potential, and to participate fully in their community and wider society (Montoya, 2018).

Eg har prøvd å omsette denne definisjonen til nynorsk:

Literacy er evna til å identifisere, forstå, skape, kommunisere og berekne, med hjelp av trykte og skrivne materiale assosiert med eit variert utval av kontekstar. Literacy involverer ein kontinuitet av læring som mogleggjer individ til å nå måla sine, til å byggje deira kunnskap og potensial, og å delta fullt ut i deira nærmiljø og det breiare samfunnet.

For det første vil eg trekkje fram at literacy her er ei evne, altså noko ein som person har og kan vidareutvikle. Verba «identifisere», «forstå», «skape», «kommunisere» og «berekne» fortel oss korleis ein skal bruke literacy som evne. Deretter står det at ein skal bruke både trykte og skrivne materiale, noko som inkluderer det utvida tekstomgrepet som omfattar både bilete, musikk, lyd, tale med meir i tillegg til skrift. Om ein ser literacy i samanheng med det utvida tekstomgrepet, vil literacy omfatte svært mykje, og det er nok derfor mange meiner at literacy er så vanskeleg å definere.

I tillegg til at mange meiner at det er vanskeleg å definere literacy, er det også ueinigheit om kva for eit omgrep ein skal bruke (Blikstad-Balas, 2016). Literacy er det omgrepet UNESCO og dei fleste brukar i internasjonal samanheng og er blitt eit etablert omgrep. Mange i det norske fagmiljøet har prøvd å finne ei omsetjing som passar betre med det norske språket og det norske språkets grammatikk. «Tekstkunne», «skriftkunne» og «skriftkultur» er forsøk på å finne eit norsk omgrep som omfattar alt det literacy omfattar. Kjell Lars Berge kommer med fleire omsetjingar som kunne ha passa til literacy (Berge, 2019), der literasitet er det alternativet eg likte best.

Begrepet literasitet er meir en direkte omsetjing frå literacy enn det til dømes tekstkunne er, noko som gjer at ein ikkje like lett tar feil av omgrepet. Dessutan meiner eg at tekstkunne og dei andre omgrepa ikkje er dekkjande nok for alt det literacy omfattar og at literasitet, som er eit ord som ikkje er samansett av fleire allereie velkjende ord, vil vere mindre avgrensande. Literasitet blir dermed eit paraplyomgrep som dekker alt. Som eit ord i sekundærdiskursen, vil literasitet vere kjent for folk i fagmiljøet og som lettare kan kople oss til det internasjonale fagfeltet.

Og om det ikkje var vanskeleg nok å bestemme seg for kva for eit omgrep ein skal bruke, så er det også ulike måtar å skrive literasitet på; ein eller to t-ar. Men der har eg ikkje preferansar.

Ina E. Nilsen

 

Kjelder:

Berge, K. L. (2019). Skriftkulturforsking i Norden. Nokre overordna perspektiv på forskingsfeltet og forskingsresultat på 2000-talet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk

Blikstad-Balas, M. (2016). Literacy i skolen. Oslo: Universitetsforlaget

Montoya, S. (2018). Defining literacy. Henta frå http://gaml.uis.unesco.org/wp-content/uploads/sites/2/2018/12/4.6.1_07_4.6-defining-literacy.pdf.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *