Det utvida tekstomgrepet

I dag er ikkje tekst det det ein gong var. Tekst er så mykje meir enn kun svart skrift på eit kvitt ark. Du har sikkert høyrt at ein film også er ein tekst, ein multimodal tekst. Men har du høyrt at eit klesplagg kan vere ein tekst?

I Store Norske Leksikon startar artikkelen om «tekst» slik: En tekst er trykte eller skrevne ord, setninger og avsnitt som er føyd sammen til en helhet, for eksempel i brev, fortellinger, skildringer, romaner, noveller, skuespill, dikt og så videre (Svennevig, 2019). Dette er nok den tradisjonelle måten å tenkje på tekst; skrivne ord på kvite ark. Vi ser ikkje teikn til det utvida tekstomgrepet før vi kjem litt lengre ned i artikkelen: I språkvitenskapen defineres tekst som en helhetlig, sammenhengende, språklig ytring med en bestemt kommunikativ funksjon. En tekst gir uttrykk for en kommunikativ intensjon, som å informere om noe, å oppfordre til handling eller å uttrykke talerens følelser (Svennevig, 2019). Her kjem det utvida tekstomgrepet til syne, da det ikkje står noko om at tekst er skrift, men heller eit «uttrykk» som kommuniserer med lesaren.

Eigenskapane til ein tekst i tradisjonell forstand, har mykje til felles med annan språk- og teiknbruk (Økland, 2018). Halliday fann, ved å studere barna si språkutvikling, at barn allereie frå ettårsalderen kunne kommunisere med andre menneske. Dei kunne gi uttrykk for det dei følte, skjølv om dei verken kunne prate eller skrive. Halliday fastslo derfor at meining ikkje er noko som ligg fast i språket, men noko som blir skapt i relasjonar mellom menneske. Dermed opnar Halliday for eit utvida tekstomgrep. Han erkjenner at ein tekst kan komme til uttrykk både munnleg, skriftleg, visuelt og gjennom andre meiningsskapande uttrykk (Skovholt og Veum, 2014).

Ordet tekst kjem fra det latinske «textum» som tyder «samanvoven» eller «samanfletta» (Økland). Derfor blir tekst sett på som fleire uttrykk samanvoven i eit system. Til dømes er ein film samansett av fleire uttrykk, eller modalitetar, som bilete, lyd og bokstavar. Samanvoven blir desse modalitetane til ein film, eller ein multimodal tekst. Og det same gjeld jo for levi’s-buksa di! Den er også samansett av ulike uttrykk som tekst, fargar og tekstilar.

I daglegtalen bruker ein som oftast tekst på den tradisjonelle måten; at ein tekst er skrift på eit ark. Det er også slik eg oftast bruker tekstomgrepet. Eg er ikkje ueinig i at tekst er så mykje meir enn det, og eg verdsett det multimodale tekstar lærer oss. Men når eit omgrep blir så stort at det omfattar alt, kva blir det da? Kan vi finne eit anna ord for tekst i utvida forstand? Eller styrer den digitale utviklinga oss bort frå tekst som skrift, og førar oss mot tekst som multimodale uttrykk? Er levi’s-buksa di dermed ein tekst?

Ina E. Nilsen

 

Kjelder:

Svennevig, J. (2019). Tekst. Henta frå https://snl.no/tekst

Skovholt, K. og Veum, A. (2014). Tekstanalyse: ei innføring. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Økland, T. G. (2018). Det utvidede tekstbegrepet. Henta frå https://ndla.no/nb/article/12050

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *