Innfødt reklame

I innlegget der eg skrev om det utvida tekstomgrepet, kom eg inn på multimodale tekstar. Eg skal i dette innlegget reflektere litt over korleis det multimodale nyheitsbilete kan lure oss.

Når eg scroller meg nedover nettavisene, klarer eg ikkje slutte å irritere meg over reklamen som blandar seg inn mellom alle artiklane. Eg forstår at mediehusa er avhengige av annonsesal for å overleve, og kanskje særleg no som papiravisene forsvinn litt etter litt. Eg har heller ikkje noko imot den reklamen som tydeleg signaliserer at dette er reklame. Problemet ligg i de annonsane eller reklamane som kamuflerast som nyheitsartiklar.

Bilde henta frå Dagbladet.no

Etter å ha irritert meg over denne typen kamuflert reklame, og brukt tid på å undersøke fenomenet, har eg funne ut at denne typen kamuflert reklame har eit namn; «native advertising», eller «innfødt reklame» som det heiter på norsk. Denne typen reklame er laga for å passe inn i forma og funksjonen til plattforma den er på (Wikipedia, 2020). I dette tilfellet er reklamen laga for å passe inn på ein nettavis og er dermed kamuflert som ein artikkel. Legg merke til den fengjande overskrifta som gir deg lyst til å trykkje på linken.

Reklame kan ikkje kamuflerast heilt. I marknadsføringslova (2009) står det at «Markedsføring skal utformes og presenteres slik at den tydelig framstår som markedsføring». Er denne utforma slik at den tydeleg framstår som reklame? Den har ein topptekst der det står «annonsørinnhold» og der logoen til annonsøren vert vist, men kjem dette nok fram?

I dagens digitale verd må vi, som brukarar av internett, alltid vere kritisk når vi scroller oss gjennom internett. Det florerer av falske nyheiter som vi burde skygge unna, og når til og med reklamane ikkje framstår tydeleg nok som reklamar, da må ein ha ganske god digital literasitet for ikkje å bli lurt. Dette kan vere utfordrande for eldre menneske som ikkje har vakse opp med internett. Det kan også vere utfordrande for elevane å skjønne kva dei kan stole på når ikkje eingong reklamane ser ut som reklamar.

Ina Elisabeth Nilsen

 

Kjelder:

Lovdata. (2009). Lov om kontroll med markedsføring og avtalevilkår mv. (markedsføringsloven) (LOV-2009-01-09-2). Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2009-01-09-2#KAPITTEL_3

Wikipedia. (2020, 24. november). Native advertising. Henta frå https://en.wikipedia.org/wiki/Native_advertising

Må eg auke media literasiteten min?

I innlegget om kritisk literasitet skreiv eg at dei plattforma elevane ofte bruker på internett, går over hovud på oss «eldre». Eg er «berre» 26 år, men kan likevel kjenne på følelsen av å ikkje hengje med i den enorme digitale utviklinga vi har. Elevar heilt ned på småskolen bruker sosiale media-appar som eg ikkje veit kva inneheld. I praksis i fjor fekk eg innsikt i appen TikTok gjennom elevar på 7. trinn. Da eg spurte kva som er på appen, fekk eg til svar at dei såg på dansevideoar og lærte seg dansane dei har funne på appen. Dette var da harmlaust, tenkte eg. I ettertid har eg forstått at TikTok ikkje er så harmlaus.

Det var ikkje så enkelt å finne ei beskriving av kva TikTok er, men her kjem ei henta frå engelsk Wikipedia:

TikTok (…) is a Chinese video-sharing social networking service owned by ByteDance. It is used to create short music, lip-sync, dance, comedy and talent videos of 3 to 15 seconds, and short looping videos of 3 to 60 seconds (Wikipedia, 2020)

Appen har 13 års aldersgrense, men eg har sjølv sett barn heilt ned på småskolen som bruker appen. I september 2020 kom det ut ein artikkel på NRK der helsesjukepleiar Tale Maria Krohn Engvik, også kalla «Helsesista», åtvarar foreldra mot ein video spreidd på appen TikTok (Strand og Skovly, 2020). Videoen var av ein mann som tok sjølvmord. Helsesjukepleiaren seier at ho har blitt kontakta av barn heilt ned i 10 års alderen som tilfeldig har sett videoen utan å søke etter den. Den ble også delt på andre sosiale media.

Da eg las artikkelen, skjønte eg at eg som framtidig lærar må lære meg meir om dei plattforma som elevane bruker. Media literacy kan forståast som dei kompetansane nye medieformar og nye måtar å bruke media på føreset (Blikstad-Balas, 2019). Må eg auke media literasiteten min? Blikstad-Balas (2019) skriv at forskinga på media literacy har bevega seg frå en preskriptiv tilnærming der barn og unge skal beskyttast frå media, til ein meir deskriptiv sosiokulturell tilnærming der ein er opptatt av å forberede barn og unge på medieverkelegheita og å få innblikk i kva slags media literacy barn og unge tar del i. Altså skal eg ikkje beskytte elevane mot det som finns der ute på internettet, men heller forberede elevane på det dei kan finne der.

Korleis kan eg gjere dette når eg ikkje veit korleis appar elevane bruker? Eller kva som finns på dei appane? Ein app som er laga for å dele musikk-, danse-, komedie- og talentvideoar inneheld videoar av menneske som tar sitt eiga liv. Korleis kan eg som lærar åtvare elevane mot dette når eg knapt veit kva appen heiter?

Ina Elisabeth Nilsen

 

Kjelder:

Blikstad-Balas, M. (2019). Literacy i skolen. Oslo: Universitetsforlaget.

Strand, M. og Skovly, D. (2020, 23. september). Advarer mot selvmordsvideo på TikTok. NRK. Henta frå: https://www.nrk.no/norge/advarer-mot-selvmordsvideo-pa-tiktok-1.15151428

Wikipedia (2020, 11. november). TokTok. Henta frå https://en.wikipedia.org/wiki/TikTok

Kritisk literasitet

Internettet er blitt en stor del av kvardagen vår. Dei fleste bruker internett både i jobbsamanheng og på fritida, og til ulike formål. Barn blir presentert for internett allereie frå dei er veldig små. Dei fleste unge bruker internett som underhaldning gjennom applikasjonar der ein kan kommunisere med andre. Toktok, Youtube og Snapchat er nokre av dei plattforma elevane er aktive, og referansar dei har frå desse appane går ofte over hovud på oss «eldre». Tekstmangfoldet er blitt stadig større, uoversiktleg og komplekst, og sidan vi er ikkje på dei same plattforma som dei unge, er det svært viktig at elevane lærer seg å vere kritisk til det dei les på internett. Dette innlegget skal derfor handle om kritisk literasitet.

Allan Luke definerer kritisk literasitet slik:

The term critical literacy refers to the use of the technologies of print and other media of communication to analyze, critique and transform the norms, rule systems and practices governing the social fields of everyday life (Luke, 2014).

For Luke er altså kritisk literasitet ein kompetanse der ein har innsikt i korleis språk og tekstar konstruerer ulike verkelegheitsbilde (Veum og Skovholt, 2020). Kritisk literasitet kan dreie seg om kjeldekritikk, men det er ei alt for snever forståing av kva det vil seie å vere kritisk. Denne førestillinga framhevar elevane einsidig som mottakarar, utan å leggje vekt på at elevar også er aktørar. Den kritiske eleven må også kunne vere aktiv. Eleven må vere stand til å stille spørsmål, utfordre og kritisere eksisterande tekstar og diskursar (Veum og Skovholt, 2020).

Eg må avklåre litt, for dette høyrest ut som eit stort arbeid der elevane må gjere ei grundig tekstanalyse for kvar tekst dei møter. Dette er ikkje meininga. Å lære elevane å ikkje ta alt dei les «for god fisk», er ein meir forenkla måte å si det på. Elevane må vere oppmerksame på at tekstskaparar skriv teksten med ein interesse av å spreie sitt bodskap eller meining. Dette gjer tekstskaparen ved å bruke språklege og tekstlege strategiar.

Eg meiner at skolen her har eit stort ansvar i å utvikle elevane til kritiske tenkjarar. I fagfornyinga framhevast faktisk det kritiske perspektivet. I norskfagets læreplan om fagets relevans og sentrale verdiar står det at «faget skal styrke elevenes evne til kritisk tenkning og skal ruste dem til å delta i samfunnet gjennom en utforskende og kritisk tilnærming til språk og tekst» (UDIR, 2019). Det ligg makt i å kunne setje spørsmålsteikn ved og utfordre vedtekne sanningar og eg er einig med Veum og Skovholt (2020) som skriv at vi burde ha som målsetjing å gjere elevane til tekstlege aktørar framfor tekstlege offer.

Ina Elisabeth Nilsen

 

Kjelder:

Luke, A. (2014). Defining critical literacy. I J.Z. Pandya og J. Avila (red). Moving critical literacies forward (s. 19-31). New York: Routledge.

UDIR (2019). Læreplan i norsk. Henta frå: https://www.udir.no/lk20/nor01-06

Veum, A. og Skovolt, K. (2020). Kritisk literacy i klasserommet. Oslo: Universitetsforlaget.