Korleis taklar elevar digitaliseringa av skulen? 

Vi tek i førre innlegg for oss korleis undervisninga må ta omsyn til mangfald i ein klasse, noko som står svært sentralt da alle klassar innehar eit mangfald av elevar. Det neste vi tenkjer å teke for oss er å sjå på kritisk litterasitet i klasserommet. Elevane blir i dag presentert for ekstremt mykje informasjon gjennom internett og dei fleste skulane har i stor grad blive digitalisert. Vi synes begge at eit interessant spørsmål er om elevane er meir kritisk til det digitale eller lærebøkene og korleis ein kan arbeide med kritisk litterasitet i eit klasserom.  

Vi vil i dette blogginnlegget vise til Marthe Blikstad-Balas og Marte Caroline Foldvik (2017) sin artikkel knytt opp mot kritisk litterasitet i norskfaget som tek for seg dette temaet og sjå dette opp mot eksempel frå praksis og eigne erfaringar og tankar 

  

Kritisk litterasitet
Blikkstad-Balas (2016, s. 29-30) visar til at omgrepet kritisk litterasitet kan forklarast ved at det omhandlar å forhalda seg kritisk til kva som vert realisert i ulike tekstar, og ein bevisstheit til at tekstane er med på å konstruere og oppretthalde ulike verkelegheitsbilete. Elevane må gis moglegheit  til å kunne kjenne igjen haldningar, motiva og ideologiar i tekstane dei vert presentert for.   

  

‘’Hvis vi vil at elevene skal utvikle kritisk literacy, må vi vise elevene hvordan man stiller spørsmål til tekster. Ikke bare om hva som står der, men om alt som er utelatt. Ikke bare om hvilke fakta teksten inneholder, men hva slags premisser de bygger på.’’ (Blikstad-Balas & Valstad, 2017).  

  

Kritisk litterasitet i norskfaget 
Blikstad-Balas og Foldvik (2017) viser i artikkelen til at med internett har den tradisjonelle forfattarrollen endra seg, kven som helst med tilgang på internett kan skrive og publisere tekster.  Elevane har tidlegare vert vant til å få ‘’ferdig vurderte’’ tekstar gjennom skulebøkene sine og må nå i større grad vurdere dei tekstane dei blive presentert for. Dei tek i artikkelen for seg forsking som peikar på at elevane ofte må bli oppfordra til å vurdere tekster, at dei har utfordringar knytt til å gjere dette sjølve.   

Tekstane som elevane møter er også annleis, tidlegare har elevane fått tekstar som er skreddarsydd etter deira behov også knytt opp mot trinn og forkunnskapar. Nå må elevane i større grad vurdere dette sjølvNokon tekstar kan for eksempel ha eit skjult kommersielt motiv som lett kan skjulast for ein elev utan kunnskap til å teke ein vurdering av teksta.  

Artikkelen dykkar tek utgangspunkt i er ein undersøking av syv elevar i vidaregåande skule, som skal vurdere tre ulike nett tekster og det same tema og si deiers meining om tekstane er egna til å bli brukt i ein skoleoppgåve. Det dei kom fram til er at dei færraste elevane vurderer tekstene utan å bli oppfordra til det. Dei behøver konkrete spørsmål knytt til å sjå teksta med eit kritisk blikk og vurderer ofte tekstane etter korleis dei sjølv kan bruke deiElevane viste også at dei va meir kritisk til ein ukjente avsendar og om dei hadde kjennskap til avsendaren vart dei mykje mindre kritisk.  

Konklusjonen dei kjem til er at vi kanskje må auke mangfaldet av tekstane elevane møter i norsktimane og kanskje velje tekstar elevane ikkje burde lese i det heile tadd, tekster som er fagleg svake, tekstar vi meiner tar feil eller tekstar som motsir kvarandre kraftig. At elevane ikkje berre blir oppmerksam om kva som står der, men også om alt som er utelat. Elevane må få innblikk i korleis vi kan skape og oppretthalde ulike verkelegheit bilete gjennom tekstar 

  

Eksempel frå praksis
For å konkretisere dette vil vi sjå nærmare på ei erfaring Kristine har frå ein undervisningstime i naturfag, da om Charles Darwin sin evolusjonsteori. I undervisninga fekk Kristine fleire spørsmål om kor Adam og Eva passa inn i dette, elevane hadde lært i KRLE at disse personane var de første på jorda. Av undervisningstimen fekk Kristine ei oppfatning av at mange av elevane ikkje hadde blitt oppfordra til å sjå kritisk på kva dei ble presentert for, men heller lært om Adam og Eva som den einaste sannheit.   

Oppsummering 
Dette temaet er svært relevant, ettersom at skulen har blive meir digitalisert og at den nye læreplan i større grad tek for seg at elevane skal sjå på tekstar dei blir presentert for med eit kritisk blikk. Det er også interessant alt dei visar til i artikkelen og undersøkinga, dette påpekar også viktigheita av at elevane i større grad må utvikle evna til sin eiga kritiske litterasitetdei må kunne sjå på tekstar kritisk, utan ein oppfordring frå lærarenEin vil altså som framtidig lærar ha eit stort ansvar for at elevane skal tileigna seg denne kunnskapen, spesielt når internett er i kontinuerleg endring, samtidig må ein finne ein balanse der elevane ikkje blir for kritisk og ikkje trur på noko som dei blir presentert for.  

Vi synast også at det er interessant den opplevast Kristine hadde i klasserommet, elevane hadde lært noko i læreboka som ikkje passet opp mot det dei skulle lære i timen. Det virka som om det dei hadde lært i læreboka vart ein sannheit. Det kan ha vært andre faktorar som også spelte inn, men det er framleis ein interessant problemstilling om elevane er mindre kritiske til tekstar i lærebøkene.   

 

Kjelder  

Blikstad-Balas, M. (2019). Literacy i skolen. Oslo: Universitetsforlaget 

Blikstad-Balas, M. Falstad, M. (2017). Kritisk literacy i norskfaget. Hentet frå:  

https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/59766/Norskl%25C3%25A6raren4.2017_Blikstad-BalasFoldvik.pdf?sequence=1&isAllowed=y 

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *