{"id":201,"date":"2022-01-07T12:57:08","date_gmt":"2022-01-07T11:57:08","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/?p=201"},"modified":"2022-01-07T12:57:08","modified_gmt":"2022-01-07T11:57:08","slug":"korleis-kan-skulen-bidra-til-at-barn-og-unge-far-ein-tryggare-mediekvardag","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/2022\/01\/07\/korleis-kan-skulen-bidra-til-at-barn-og-unge-far-ein-tryggare-mediekvardag\/","title":{"rendered":"Korleis kan skulen bidra til at barn og unge f\u00e5r ein tryggare mediekvardag?"},"content":{"rendered":"\n<p>Av Madelen Navelsaker Vadstein<\/p>\n\n\n\n<p>I ei unders\u00f8king kjem det fram at 75% av alle ungdomskuleelevar bruker datamaskin heime dagleg (T\u00f8mte et al., 2017, s. 155). Alts\u00e5, dei fleste som g\u00e5r p\u00e5 ungdomskulen bruker minst \u00e9in skjerm kvar einaste dag. I tillegg er det stadig fleire som har smarttelefon, og dermed enklare tilgang p\u00e5 internett og sosiale media. Ein sv\u00e6rt vanleg tanke er at barn og unge bruker for mykje tid p\u00e5 skjerm, og at dette berre f\u00f8rer med seg ulemper. Du har kanskje f\u00e5tt h\u00f8yre at du ikkje m\u00e5 sj\u00e5 s\u00e5 mykje p\u00e5 tv fordi du kan f\u00e5 firkanta auge? Dette er berre eit av mange argument vaksne bruker for \u00e5 f\u00e5 deg til \u00e5 bruke mindre tid framfor skjermen. Auka skjermbruk og bruk av diverse digitale hjelpemiddel gjer at dei har i mykje st\u00f8rre grad blir eksponert for alt internett har \u00e5 by p\u00e5. Til d\u00f8mes enklare tilgang p\u00e5 informasjon, reklame, bilete og liknande. Kva utfordringar f\u00f8rer dette med seg? Og korleis p\u00e5verkar dette barn og unge i dag? I dette blogginnlegget skal eg ta f\u00f8re meg korleis skulen kan gi elevane informasjon som gjer at dei kan f\u00e5 ein tryggare og betre mediekvardag.<\/p>\n\n\n\n<p>Samfunnet v\u00e5rt er i stadig utvikling, og vi bevegar oss mot ei verd der teknologien spelar ei st\u00f8rre og st\u00f8rre rolle. Fleire og fleire jobbar krev at ein har ein viss type digital kompetanse eller at ein skal kunne bruke diverse digitale hjelpemiddel eller utstyr. Vi utviklar oss i takt med samfunnet, og nettopp difor gir det meining at dette ogs\u00e5 spelar ei st\u00f8rre rolle i kvardagen til barn og unge. Vi kan til d\u00f8mes spole tida 20 \u00e5r tilbake. P\u00e5 den tida vaks barn og unge opp utan den same tilgangen p\u00e5 internett, og sosiale media fanst ikkje. Dermed kan det tenkast at deira oppvekst var prega i mykje mindre grad av skjermbruk samanlikna med dei som veks opp i dag, der store delar av fritida til barn og unge g\u00e5r med til \u00e5 stirre ned i ein eller annan form for skjerm.<\/p>\n\n\n\n<p>Barn og unge bruker alts\u00e5 meir tid p\u00e5 skjerm enn nokon gong. Dei spelar spel p\u00e5 pc-ar eller konsollar som til d\u00f8mes X-box og PlayStation. I tillegg blir det, som tidlegare nemnt, berre fleire og fleire som har smarttelefonar. Her kommuniserer dei med kvarandre, skrollar gjennom diverse sosiale media eller ser p\u00e5 seriar og filmar. Men det er ikkje berre p\u00e5 fritida barn og unge sin skjermbruk aukar. Det vert \u00f2g meir og meir vanleg \u00e5 ta i bruk digitale hjelpemiddel, i form av skjerm, i skulen. Ein f\u00e5r stadig h\u00f8yre om elevar som har eigne pc-ar eller iPad-ar og at dei stadig tek st\u00f8rre plass i undervisninga. Dette kan vere til \u00e5 l\u00f8yse oppg\u00e5ver p\u00e5 nett, sj\u00e5 videoar, omvendt undervisning eller liknande. Mange er ogs\u00e5 skeptiske til den auka bruken av skjerm i undervisning, og meiner at barn og unge bruker nok tid p\u00e5 dette p\u00e5 fritida.<\/p>\n\n\n\n<p>Men kva utfordringar har vi n\u00e5r det dreier seg om skjermbruk? T\u00f8mte et al. viser til ei unders\u00f8king der det kjem det fram at 77% av barn og unge i aldersgruppa 9-16 \u00e5r bruker internett dagleg. Det kjem \u00f2g fram at berre 8% bruker datamaskin p\u00e5 skulen. (T\u00f8mte et al., 2017, s. 155). Dette viser at dei fleste barn og unge bruker internett dagleg, og noko som er viktig \u00e5 tenkje p\u00e5 d\u00e5 er at vi m\u00e5 l\u00e6re dei korleis dei kan ferdast trygt p\u00e5 internett. Teknologien har kome for \u00e5 bli, og ein kan gjennom skulen gi elevane kunnskap til korleis handtere dette p\u00e5 ein trygg m\u00e5te.<\/p>\n\n\n\n<p>Auka skjermbruk f\u00f8rer til at barn og unge er meir eksponert for alt som fins p\u00e5 internett, og skulen kan bidra til \u00e5 l\u00e6re dei korleis dei kan ferdast trygt. Staksrud (2017, s. 177) understrekar at det er vanskeleg \u00e5 ikkje vere einig i at barn og unge skal vere mediekompetente, d\u00e5 slik kompetanse kan vere med p\u00e5 \u00e5 beskytte dei mot risiko og skade knytt til media. For at skulen skal kunne legge til rette for at barn og unge kan f\u00e5 utvikle mediekompetanse, m\u00e5 digitale hjelpemiddel bli teke i bruk i st\u00f8rre grad i undervisninga. Ein m\u00e5 l\u00e6re dei om digital d\u00f8mmekraft, nettvett og kritisk tenking. Gjennom sosiale media blir vi til d\u00f8mes enklare eksponert for bilete og liknande som kan tyde p\u00e5 at andre har perfekte liv.<\/p>\n\n\n\n<p>Dersom dette er noko som p\u00e5verkar deg negativt, kan digital d\u00f8mmekraft vere til hjelp. D\u00e5 det kan bidra til at ein i mindre grad blir p\u00e5verka negativt.<\/p>\n\n\n\n<p>T\u00f8mte et al. (2017, s. 156) p\u00e5peikar at skulen har ei viktig rolle n\u00e5r det kjem til \u00e5 utjamne sosiale skilnader knytt til teknologibruk, og at dette omhandlar b\u00e5de bruk av og tilgang p\u00e5 teknologi og korleis utvikle digital d\u00f8mmekraft. Dersom teknologibruken i skulen er lik for alle bidreg det til at elevane f\u00e5r dei same f\u00f8resetnadane for \u00e5 kunne ferdast trygt p\u00e5 internett. Det er kanskje ikkje alle som har den same tilgangen heime, og dermed er n\u00e6rmast avhengige av at skulen bidreg. For at ein skal kunne tileigne seg desse digitale ferdigheitene er det viktig \u00e5 ta i bruk digitale hjelpemiddel titt og ofte i undervisninga.<\/p>\n\n\n\n<p>Fleire unders\u00f8kingar viser at internett i st\u00f8rst grad verkar som ein sosial m\u00f8teplass (L\u00f8vlie, 2011, s. 352). Det f\u00f8reg\u00e5r alts\u00e5 mykje sosialisering i form av kommunikasjon gjennom til d\u00f8mes sosiale media og dataspel. T\u00f8mte et al. (2017, s. 147) skriv at situasjonar som oppst\u00e5r utanfor skuletida, kan p\u00e5verke skulemilj\u00f8et til elevane. Dette kan til d\u00f8mes vere at ein blir utestengt fr\u00e5 \u00e5 vere med \u00e5 spele eller at ein elev f\u00e5r stygge kommentarar. Dette vil naturlegvis vere eit problem som p\u00e5verkar dei og dermed blir teke med inn i klasserommet. Ein kan, som l\u00e6rar, vere med \u00e5 hindre at slike situasjonar oppst\u00e5r ved at ein underviser i digital d\u00f8mmekraft som til d\u00f8mes nettvett.<\/p>\n\n\n\n<p>Utdanningsdirektoratet p\u00e5peikar at digitale ferdigheiter er viktig for vidare l\u00e6ring, og for at ein skal kunne delta aktivt i arbeidslivet og eit samfunn som stadig er i endring. Vidare skriv dei at digital d\u00f8mmekraft mellom anna dreier seg om \u00e5 ta i bruk strategiar for \u00e5 unng\u00e5 u\u00f8nskte hendingar, at ein har evne til etisk refleksjon og at ein p\u00e5 nett og i sosiale media vurderer si eiga rolle (Utdanningsdirektoratet, 2017). Situasjonar som dette kan vere at ein ikkje skal vere stygge med andre p\u00e5 internett, halde andre utanfor eller det \u00e5 reflektere rundt korleis ein skal oppf\u00f8re seg mot kvarandre ogs\u00e5 i sosiale media. Det kan nemleg vere enklare for nokre \u00e5 kome med negative kommentarar p\u00e5 internett sidan dei sit g\u00f8ymt bak ein skjerm. Det er dermed viktig at elevane tileignar seg digitale ferdigheiter gjennom skulen. Dette understrekar, som tidlegare nemnt, at samfunnet stadig utviklar seg til bli meir og meir digitalt, og at for at elevane skal vere godt rusta til eit slikt samfunn treng dei slike digitale ferdigheiter. Digital d\u00f8mmekraft er noko som elevane treng gjennom all bruk av internett, d\u00e5 kanskje s\u00e6rleg i sosiale media.<\/p>\n\n\n\n<p>Staksrud (2017, s. 173) skriv at det gjennom tidene har vore bekymringar knytt til mediebruk hos barn, og korleis dette kan vere ein risiko. Det har \u00f2g vore diskutert kva skulen og samfunnet kan gjere for \u00e5 hindre at mediebruken f\u00e5r risikofylt og negativ p\u00e5verknad, og at desse diskusjonane har auka i tr\u00e5d med utviklinga av medieteknologien (Staksrud, 2017, s. 173). Ein viktig del av korleis skulen kan vere med p\u00e5 at elevane f\u00e5r tileigne seg kunnskap som gjer at dei kan ferdast trygt p\u00e5 internett, vil vere \u00e5 ta i bruk digitale hjelpemiddel i undervisninga. Ein kan la elevane f\u00e5 utforske p\u00e5 internettet, b\u00e5de innanfor stramme rammer, men \u00f2g litt meir sj\u00f8lvstendig etterkvart. Ein kan undervise i kjeldekritikk, og at det dei les ikkje n\u00f8dvendigvis er sant.<\/p>\n\n\n\n<p>Noko anna som Staksrud (2017, s. 137) p\u00e5peikar, er at bekymringane som er knytt til barn og media, i stor grad er prega av ei underliggande skeptisk haldning til om det kan f\u00f8re med seg noko positivt. Mange er skeptiske til at digitale hjelpemiddel tek st\u00f8rre og st\u00f8rre del i kvardagen, og om dette i det heile teke er positivt. Teknologi blir gjerne oppfatta som ein trussel, f\u00f8r den blir overteke som kultur (L\u00f8vlie, 2011, s. 348). Digitale media har blitt ein del av kulturen til barn og unge, og d\u00e5 er det beste ein kan gjere \u00e5 gi dei den kunnskapen dei treng for \u00e5 kunne ferdast trygt p\u00e5 internettet.<\/p>\n\n\n\n<p>Avslutningsvis \u00f8nsker eg \u00e5 understeke at teknologien har nok kome for \u00e5 bli. Barn og unge har, som tidlegare nemnt, enklare tilgang til internett enn dei nokon gong har hatt. Dette f\u00f8rer med seg mange utfordringar som kan f\u00e5 konsekvensar dersom ein ikkje sit inne med den riktige kunnskapen. Etter mi meining er d\u00e5 det beste skulen kan gjere, \u00e5 gi barn og unge dei digitale ferdigheitene som er n\u00f8dvendige for at dei skal kunne ferdast trygt p\u00e5 internettet med. Dette kan gjerast ved at dei f\u00e5r rom til \u00e5 utforske p\u00e5 internett i undervisningssamanheng, men at dei samtidig blir fortalt kva som er viktig \u00e5 tenkje p\u00e5 og kva dei har lov til og ikkje. Det er \u00f2g viktig at barn og unge tileignar seg digitale ferdigheiter fordi det mest sannsynleg vil vere sv\u00e6rt relevant for dei i deira framtidige arbeidsliv. Den digitale teknologien er alts\u00e5 blitt ein naturleg del av livet til barn og unge. Det er dermed viktig at skulen fokuserer p\u00e5 korleis dei kan bidra. Kanskje b\u00f8r dette inng\u00e5 i eit eige fag i grunnskulen?<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Referanseliste:<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>L\u00f8vlie, L. (2011). Teknokulturell danning. I R. Slagstad, O. Korsgaard &amp; L. L\u00f8vlie (Red.), <em>Dannelsens forvandlinger <\/em>(2. utg., s. 347-371). Pax Forlag.<\/p>\n\n\n\n<p>Staksrud, E. (2017). Et gagns digitalt menneske?. I B. K. Engen, T. H. Gi\u00e6ver &amp; L. Mifsud (Red.), <em>Digital d\u00f8mmekraft <\/em>(s. 168-183). Gyldendal Akademisk.<\/p>\n\n\n\n<p>T\u00f8mte, K., Gudmundsdottir, G. B. &amp; Hatlevik, O. E. (2017). Hvordan forst\u00e5 og forebygge digital mobbing?. I B. K. Engen, T. H. Gi\u00e6ver &amp; L. Mifsud (Red.), <em>Digital d\u00f8mmekraft <\/em>(s. 146-167). Gyldendal Akademisk.<\/p>\n\n\n\n<p>Utdanningsdirektoratet. (2017). <em>Digitale ferdigheter som grunnleggende ferdighet<\/em>. Fastsatt som forskrift. L\u00e6replanverket for Kunnskapsl\u00f8ftet 2020. <a href=\"https:\/\/www.udir.no\/laring-og-trivsel\/rammeverk\/rammeverk-for-grunnleggende-ferdigheter\/2.1-digitale-ferdigheter\/\">https:\/\/www.udir.no\/laring- <\/a><a href=\"https:\/\/www.udir.no\/laring-og-trivsel\/rammeverk\/rammeverk-for-grunnleggende-ferdigheter\/2.1-digitale-ferdigheter\/\">og-trivsel\/rammeverk\/rammeverk-for-grunnleggende-ferdigheter\/2.1-digitale- <\/a><a href=\"https:\/\/www.udir.no\/laring-og-trivsel\/rammeverk\/rammeverk-for-grunnleggende-ferdigheter\/2.1-digitale-ferdigheter\/\">ferdigheter\/<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Av Madelen Navelsaker Vadstein I ei unders\u00f8king kjem det fram at 75% av alle ungdomskuleelevar bruker datamaskin heime dagleg (T\u00f8mte et al., 2017, s. 155). Alts\u00e5, dei fleste som g\u00e5r p\u00e5 ungdomskulen bruker minst \u00e9in skjerm kvar einaste dag. I &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/2022\/01\/07\/korleis-kan-skulen-bidra-til-at-barn-og-unge-far-ein-tryggare-mediekvardag\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":248,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_et_pb_use_builder":"","_et_pb_old_content":"","_et_gb_content_width":"","footnotes":""},"categories":[23,5,25,20,24,3],"tags":[],"class_list":["post-201","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-barn-og-unges-mediehverdag","category-digital-dommekraft","category-digitale-ferdigheter","category-gaming","category-skjermbruk","category-sosiale-medier"],"featured_image_src":"","featured_image_src_square":false,"author_info":{"display_name":"Lisbet R\u00f8nningsbakk","author_link":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/author\/lisbet-rnningsbakk\/"},"rbea_author_info":{"display_name":"Lisbet R\u00f8nningsbakk","author_link":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/author\/lisbet-rnningsbakk\/"},"rbea_excerpt_info":"Av Madelen Navelsaker Vadstein I ei unders\u00f8king kjem det fram at 75% av alle ungdomskuleelevar bruker datamaskin heime dagleg (T\u00f8mte et al., 2017, s. 155). Alts\u00e5, dei fleste som g\u00e5r p\u00e5 ungdomskulen bruker minst \u00e9in skjerm kvar einaste dag. I &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/2022\/01\/07\/korleis-kan-skulen-bidra-til-at-barn-og-unge-far-ein-tryggare-mediekvardag\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a>","category_list":"<a href=\"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/category\/barn-og-unges-mediehverdag\/\" rel=\"category tag\">Barn og unges mediehverdag<\/a>, <a href=\"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/category\/digital-dommekraft\/\" rel=\"category tag\">Digital d\u00f8mmekraft<\/a>, <a href=\"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/category\/digitale-ferdigheter\/\" rel=\"category tag\">Digitale ferdigheter<\/a>, <a href=\"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/category\/gaming\/\" rel=\"category tag\">Gaming<\/a>, <a href=\"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/category\/skjermbruk\/\" rel=\"category tag\">Skjermbruk<\/a>, <a href=\"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/category\/sosiale-medier\/\" rel=\"category tag\">Sosiale medier<\/a>","comments_num":"0 comments","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/201","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/wp-json\/wp\/v2\/users\/248"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=201"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/201\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":202,"href":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/201\/revisions\/202"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=201"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=201"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.uit.no\/lro009\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=201"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}