Literacy, kva er no det?

Omgrepet literacy er vanskeleg å definere fordi det rommer så mykje. Eg vel å behandle literacy som den tekstbagasjen ein ber med seg. Då med tekst som utvida omgrep.

I skulen skal vi sikre at elevane får tilgang til tekst, kultur og skriftleg kompetanse slik at dei kan fungere i samfunnet. Målet er at alle har like moglegheiter når dei er ferdig med grunnskolen. Elevane kjem til skulen med ulik tekstkompetanse i bagasjen, dei har ulik literacy. Nokon har blitt lest for sidan dei var ei neve stor, medan andre ikkje har bøker som ein del av kvardagen. Skulen skal møte alle disse barna, å gi dei ein felles literacy. Literacyen dei treng for å fungere i samfunnet. Blikstad-Balas (2016) seier at literacy handlar om korleis ein gir tekstar meining. Tekst er ikkje bere bokstavar og skrvne ord, eg forstår det som alt som kommuniserar med oss kvar einaste dag. Frå morgo til kveld. Nyhetane du høyrer på radioen, sangtekstar, snappen du åpnar på veg til arbeid, vi møter på tekst heile dagen.

Dagens elevar møter på tekst i ein helt annen skala enn det eg gjor då eg vaks opp. Når dei kjem opp i ein viss alder på barneskulen er nesten samtlege utstyrt med mobiltelefonar som har fleire moglegheiter enn datamaskinane eg vaks opp med. Her møter dei samansatte tekstar i ulike medier, ulike former for kommunikasjon og dei får tidleg møte ulike diskursar som krev ulik form for kommunikasjon. Som til dømes tekstmeldingane dei skriv til bestemor si kontra tekstmeldingane dei skriv til kompisar. Dette gjer at arbeidet i skulen er mer komplekst enn tidligare. Skulen skal gi elevane kompetanse i å lese ulike sjangre, skrive til ulike formål og nytte seg av kompetansen dei tilegne seg senare i livet. Dei grunnleggande ferdighetane i skulen er skriving, lesing, munnlege og digitale ferdigheiter (UDIR K020). Eg meine at dei grunnleggende ferdigheitene inneber mykje av det eg legg i omgrepet literacy – ferdigheiter ein treng for å meste kvardagen.

 

Litteratur:

Blikstad – Balas, Marte (2016) LITERACY I SKOLEN. Oslo: Universitetsforlaget AS

UDIR, K020 Grunnleggande ferdigheiter

https://www.udir.no/lk20/nor01-06/om-faget/grunnleggende-ferdigheter

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *