Skjønnlitteratur i skulen
Eg kom over ein interessant artikkel om skjønnlitteratur i skulen som eg synes er verdt nærmare lesing;
Skjønnlitteratur for kosen
Skjønnlitterære tekstpraksiser på mellomtrinnet, slik lærere forteller om dem. Siri Hovdal Ottesen og Aasfrid Tysvær.
Artikkelen har som formål å fortelje om tekstpraksisar i norsk skule, og korleis ein arbeider med skjønnlitteratur i skulen, og da spesielt i norskfaget. Artikkelen er basert på teoriar om leseopplæring, forsking og intervju med norsklærarar. Her får ein eit innblikk i lærarar sine skjønnlitterære tekstpraksisar i klasserommet.
Paradokset i denne artikkelen er at Ottesen og Tysvær fremmer den litterære samtalen og skriv at det blir lese for lite skjønnlitterære tekster i grunnskulen. Funna deira viser at det blir lese veldig mykje skjønnlitteratur på mellomtrinnet, men elevane les på eigenhand. (Ottesen og Tysvær, s. 63).
- Kva slags fordeler/ulemper er det ved å la elevane lese på eigenhand?
- Bør ein som lærar styre den skjønnlitterære lesinga i større grad?
Lenke til artikkelen i Norsklæreren #4 2017
Leave a Reply