Literacy, kva er no det?

Som ein litt uvitande og audmjuk lærarstudent stiller eg meg spørrande om kva no dette ordet eller omgrepet faktisk betyr. Kva seier det meg?
UNESCO nyttar seg av omgrepet Literacy og beskriv det som ei rekke evner, eigenskapar og kunnskapar som ein skal nytta seg av. Andre forfattarar har sine eigne definisjonar av omgrepet, som lese- og skrivekunnskap, leseforståelse og tekstkunnskap osb. I og med at det er UNESCOs definisjon eg i hovudsak har sett på, så blir eg å nytta meg av denne.

” Literacy is the ability to identify, understand, interpret, create, communicate and compute, using printed and written materials associated with varying contexts. Literacy involves a continuum of learning in enabling individuals to achieve their goals, to develop their knowledge and potential, and to participate fully in their community and wider society” (UNESCO, 2004; 2017).

Når eg les alt dette blir eg ikkje mindre forvirra over kva eg skal definera Literacy som. Utor teksten UNESCO kan det peika på evner som trengst for å fungera i samfunnet.
Inntil eg forstår meg meir om kva kompleksiteten til omgrepet betyr, så vil eg fornorska det, gjera det litt meir ”nært”, og kalla det for Literalitet

Kjelder: Henta den 5. Sep. frå: http://gaml.uis.unesco.org/wp-content/uploads/sites/2/2018/12/4.6.1_07_4.6-defining-literacy.pdf