Kritisk literacy – eit undervisningsopplegg

Dei unge i dag møter eit mykje meir komplekst tekstmangfald enn tidlegare, i form av mellom anna falske nyheiter og reklame. Derfor har det no blitt eit større fokus på kritisk tenking i skolen, og kritisk tilnærming til tekst er no eitt av seks kjerneelement i læreplana for norsk-faget i fagfornyinga. I den tredje samlingsveka skulle vi i gruppe lage og presentere eit tenkt undervisningsopplegg der elevane fekk øving i kritisk literacy.

Vår gruppe tok utgangspunkt i artikkelen «Kommune i nord vil ha søringkarantene i 50 år», frå NRK Satiriks, publisert 30.mars 2020. Artikkelen/opplegget var tenkt brukt på 7.trinn, basert på desse kompetansemåla i norsk etter 7.trinn:

Elevane skal kunne:

  • orientere seg i faglege kjelder på bibliotek og digitalt,vurdere kor pålitelege kjeldene er, og vise til kjelder i eigne tekster
  • lese lyrikk, noveller, fagtekster og anna skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
  • utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilde og andre uttrykksformar og lage eigne samansette tekster

Vi valte deretter å presentere den tenkte økta for elevane våre i eit tankekart:

Utan å røpe noko, skulle teksta bli publisert for elevane som ein ordinær digital nettartikkel, og med læraren i ei uvitande rolle. Som ein type «vekas tekst» skal elevane i fellesskap bruke lesestrategien BISON for å bli kjent med teksta. Dette steget er spesielt avgjerande for den vidare forståinga, da mange elevar kan avsløre teksta som ein satire allereie her. Ved å sjå på mellom anna farga, bildar, logoar, andre nyheitsartiklar o.l. kan mange få inntrykk av at dette ikkje er ein reell nyheitsartikkel, men igjen kan mange av sjangertrekka skape usikkerheit. Teksta inneheld fleire truverdige teikn, som f.eks. ordval, omgrep, sitat o.l.

Det neste steget er nærlesing i grupper, der vi har utforma spørsmål til teksta basert på mellom anna trinnvis kritisk tilnærming til verbale ressursar, inspirert av Janks, Dixon, Ferreira og Granville, attgjeve i Veum og Skovholt (2020, s. 64):

Veum og Skovholt (2020, s. 77) seier at kva spørsmål som blir stilt til ei tekst er avgjerande for korleis elevane les teksta. Derfor er dei ulike spørsmåla vi har laga til teksta spesielt laga for å fremje kritisk literacy og refleksjon hjå elevane.

Etter ein gjennomgang i plenum, skal elevane få bruke det dei har lært om sjangertrekka til å utforme eigne nyheitsartiklar, der vekas tekst fungerer som ei modelltekst. Dei er opne til å bruke fri fantasi eller bruke lokale, nasjonale eller globale nyheiter som ein innfallsvinkel til sin eigen artikkel. Læraren er tilgjengeleg gjennom heile prosessessen og det er forventa at han eller ho skal ha tid til å kome med vurderingar undervegs. Elevane skal presentere tekstene sine og gi kvarandre-vurdering.

Til slutt summerer vi opp. Har elevane lært noko? Kanskje mange blei lurt av teksta, og vil ved ei seinare tidspunkt vere mykje meir kritisk til teksta han eller ho les.

– Knut Olav, Tordis og Veronica

 

Kjelder:

Veum, A. & Skovholt, K. (2020). Kritisk literacy i klasserommet. Oslo: Universitetsforlaget

 

SMS-språket – så sjukt mange meiningar

I andre samlingsveke var oppgåva å sjå på ein diskurs eller eit element ved ein diskusjon om språk eller fleirspråklegheit i norsk offentlegheit i dag. Fordi eg er litt over gjennomsnittet glad i digital utvikling valte eg å sjå på SMS-språket. Eit mykje omtalt språk som ofte kjenneteiknas av forkortingar, dialekt, engelske ord og kombinasjonar av bokstavar, tal og symbol.

I likskap med dei andre tenåringane på sluten av 1990-talet, fekk eg min fyste mobiltelefon, ein splitter ny Philips Diga som eg tok rett ut i frå eska. Med den opna det seg ei helt ny verd, nemlig moglegheita for å sende korte meldingar, altså SMS. Det kosta på den tida fem kroner per melding, og no måtte eg, som alle andre, formidle det eg ville seie med mindre enn 160 teikn. For at det skulle vere verdt pengane blei 160 teikn ofte for lite, og da måtte ein ty til avkortingar av ord både her og der. Etterkvart som tida gjekk, blei ein ordentleg driven på å skrive slike korte meldingar, og da avkorta ein beskjedane sine ytterlegare, uansett kor mykje ein hadde å seie. Og det er i grunnen der det starta.

Allereie etter nokre år med SMS verkar debatten i gang. VG rapporterer i 2003 at «SMS ødelegger ikke språket». Ein sosiolog hadde gjennomført ein undersøking blant norske elevar der ho fann ut at elevane hadde eit klart skilje mellom SMS-språk og det språket dei brukar på skulen, men eit augeblikk etter var flisa snudd. Nettavisen hevdar i 2004 at «SMS ødelegger det norske språket» og i ein undersøking gjort av same sosiolog visar at norske lærarar utrykker sin uro over at elevanes skriftspråk har endra seg etter mobiltelefonens inntog og dei peikar særleg på bruk av avkortingar.

Etter dette kan det verke som om debatten blei utvida; ikkje berre var folk uroleg for skriftspråket i skulen, men no blei det eit skilje mellom unge og vaksne. Helgelendingen meldar i 2005 om at «Mobilspråk splitter ungdom og voksne» og bakgrunnen for artikkelen er eit intervju med ein 17 år gamal gut som fortel at han bruker eit anna språk i tekstmeldingane sine om han skal kommunisere med vaksne, og dei vaksne blir sur om han ikkje skriv ordentleg. Språkforskaren som også er intervjua omtalar her mobilspråket som eit eiga språk og fortel at han trur det har noko med å markere ein ungdommeleg identitet å gjera, men han er, til skilnad frå den tidlegare nemnde sosiologen, ikkje redd for at SMS-språket skal påverke elevanes språk på skulen fordi elevane verkar bevisst på språkbruken. Ein kan derfor tolke det som at SMS-språk er no blitt ein heilt egen diskurs; dei unge kommuniserer på ein måte som berre dei tar del i – med kvarandre. Deira heilt egen literacy.

Etter å ha lese meg opp på fleire gamle artiklar om SMS-språket, mange av dei med eit negativt forteikn, tenkte eg at eg måtte finne noko som var basert på ny forsking, og eg kom over ein artikkel publisert i 2018 av Riksmålsforbundet som har konkludert med at «Ungdom veksler mellom SMS-slang og normert språk». Språkforskaren som vart intervjua påstår at dei unge er flinke til å skrive soleis at det kan kjennast igjen av mottakarane, noko direktøren i Språkrådet også bekreftar når ho seie at dei ikkje kan sjå at rettskrivinga til elevane har blitt dårlegare, men tvert i mot noko betre.

Eg har dessverre ikkje funnet ut av korleis stoda er for SMS-språket i 2020, da det verkar som om debatten har stilna noko av. Eg har derimot funnet ein interessant artikkel som kanskje kan gi eit pekepinn på utviklinga generelt. Artikkelen «Seff! Tenåringsordbok for besteforeldre» ble publisert i 2020 av Vi over 60 og gir leserane ein flott utgreiing av SMS-språkets inntog i tillegg til ein slags ordbok. At den eldre generasjonen no set seg inn i ein allereie 20+ år gamal utvikling ser eg på som eit teikn: SMS-språket er endeleg akseptert og omfamna.

Kjeldar:

Hagerup, S. (2005, 14.02). Mobilspråk splitter ungdom og voksne. Helgelendingen. Hentet fra https://www.helg.no/lokale-nyheter/mobilsprak-splitter-ungdom-og-voksne/s/1-63-1460189

Myrmel, K. (2020, 28.02). Seff! Tenåringsordbok for besteforeldre. Vi over 60. Hentet fra https://www.viover60.no/artikler/mennesker/seff-tenaringsordbok-for-besteforeldre/

Ottemo, M. (2004, 18.05). SMS ødelegger det norske språket. Nettavisen. Hentet fra https://www.nettavisen.no/nyheter/–sms-odelegger-det-norske-spraket/227435.html

Riksmålsforbundet. (2018, 03.12). Ungdom veksler mellom SMS-slang og normert språk. Hentet fra https://www.riksmalsforbundet.no/ungdom-veksler-mellom-sms-slang-og-normert-sprak/

SMS ødelegger ikke det norske språket. (2002, 17.06. / 2003, 25.02). VG. Hentet frahttps://www.vg.no/forbruker/teknologi/i/dddawz/sms-oedelegger-ikke-spraaket

Store Norske Leksikon. (2019, 16. 08). Diskurs. Hentet fra https://snl.no/diskurs

Literacy – kjært barn har mange namn

Etter 3 år på grunnskulelærer-utdanninga var eg ganske sikker på at eg hadde kontroll på omgrepet literacy, heilt frem til vi skulle bruke meir tid på sjølve emnet. Eg var ikkje heilt på villspor da eg trudde det hadde med dei individuelle lese- og skrivekompetansane å gjere, men omgrepet literacy virka djupare enn som så. Eg skjønner lett at ein kan bli omgrepsforvirra når ein skal fordjupe seg i emnet, da dei fleste som har noko å si om tema, bruker forskjellige nye omgrep og omsetjingar, og dei i grunnen snakkar om akkurat det same.

La oss først sjå på det engelske ordet literacy; Berge (2019, s. 24) seier at den beste forklaringa på at literacy ‒ eller literasitet blir nytta av skandinaviske forskarar, er at omgrepet dekker fleire ulike fenomen eller dimensjonar ved eit fenomen, og ein måte ein kan gjere det er ved å sjå på omgrepet frå fleire vinklar. Han seier at omgrepet literacy på engelsk dekker for det første skrift i seg sjølv, til skilnad frå tale, og at ein ska sjå på det i den kontekst at nokon skriv noko og nokon skal lese og forstå det. Her får vi ei forståing av at literacyangår både lesing og skriving, og Berge (2019, s. 24) visar her til omgrepet skriftkunne som noko kulturelt. Skriftkunne er altså noko ein kan tileigne seg gjennom å lære og etter kvart å ta i bruk til ulike føremål i den kulturen ein er medlem i. Uavhengig om ein skriv med blyant på papir eller rissar symbol på ein stein, så skal nokon finne ein meining med det.

Berge (2019, s. 24) seier vidare at omgrepet literacy på engelsk også dekker spesielle eigenskapar ved kulturen, og at ein skriftkultur er eit fellesskap av menneske der bruken av skrift inngår i dei konstituerande samhandlingsnormene i kulturen. Her verkar Apelseth og Berge einige. Apelseth (2019, s. 70) seier at omgrepet skriftkultur, på mange måtar, dreg vekslar på engelske omgrep som literacy og literacies, men for å setje ting litt på spissen, samanfattar Apelseth (2019, s. 69) omgrepet literacy til «skriftbruk i eit moderne samfunn». Eg tolkar difor Apelseths definisjon om at literacy er noko som skjer akkurat no, i det moderne skriftspråket, altså ein slags ferskvare. Historisk sett kan ein jo anta at literacy har eksistert sida dei første menneska sat med kvar sin steintavle, for eg har forstått såpass at omgrepet er like levande som både eg og du, og er stadig i utvikling.

For å samanfatte så langt, har vi no hørt at literacy er at nokon skriv noko og nokon skal lese og forstå det i det moderne samfunnet, men kva inneber det? For at ein skal kunne skrive, lese og forstå må ein ha tekstkompetanse. Ifølgje Berge (2019, s. 22) er det skriftkulturelle nivået i eit land rekna på som ein truverdig indikator på om den kulturelle livskrafta er stor, den demokratiske kvaliteten er høg, og om det er mogeleg for medborgarane å myndiggjere seg. Eg tolkar det som jo høgare det skriftkulturelle nivået er, jo betre er dei rusta for eit vel fungerande samfunn. Apelseth (2019, s. 69) seier at for å sikre ein skriftkultur framhald må samfunnet aktivt leggje til rette for integrasjon, deltaking og kompetent samhandling basert på opplæring i og gjensidig utveksling av skriftteikn og skriftsymbol. Ikkje bare peikar Apelseth og Berge mot viktigheita av skriftkompetanse, men også danning. Literacy høyrer altså saman med danning. UNESCO (2017, s.14) forklarar dette betre i sin definisjon, der dei ikkje bere peikar på danninga ein skal utvikle, men også kva for evner ein må inneha for å nå målet:

“Literacy is the ability to identify, understand, interpret, create, communicate and compute, using printed and written materials associated with varying contexts.

Literacy involves a continuum of learning in enabling individuals to achieve their goals, to develop their knowledge and potential, and to participate fully in their community and wider society.”

Fordi literacy ofte er omtalt med mange namn, og det er svært mange omgrep tilknytt, kan omgrepet på mange måtar virke stort og uoverkomeleg å forstå. Berre på norsk har vi fleire omgrep som blir nytta; literasitet/ skriftkultur/ skriftkompetanse/ skriftkunne/ tekstdugleik. «Kjært barn har mange namn» seier ein, men ein skal ikkje vere så streng å nekte folk å bruke forskjellig. Sjølvsagd hadde jo det vore mykje enklare om alle hadde nytta seg av det same, men ein må sjå på samanheng og kontekst. Sjølv blir eg nok å nytte meg av literasitet, da det er ein fornorsking av det engelske, men når ein endeleg har forstått kva literacy er, er det lett å kjende igjen når ein møter det. Literacy handlar i grunnen om kor dugeleg ein er i dagens tekstverd; korleis ein klarer å lese, forstå, tolke og reflektere rundt dei ulike tekstane som finnes.

 

Kjelder:

Apelseth, A. (2019). Kapittel 4: Skriftkultur – kva kan det vere? I S.J.Helset & E.Brunstad (red.), Skriftkulturstudiar i ei brytingstid (s. 69-94). Hentet fra https://press.nordicopenaccess.no/index.php/noasp/catalog/book/67

Berge, K.L.. (2019). Kapittel 1: Skriftkulturforsking i Norden. Nokre overordna perspektiv på forskingsfeltet og forskingsresultat på 2000-talet. I S.J.Helset & E.Brunstad (red.), Skriftkulturstudiar i ei brytingstid (s. 21-51). Hentet fra https://press.nordicopenaccess.no/index.php/noasp/catalog/book/67

UNESCO (2017). Reading the past, writing the future. Hentet fra https://unesdoc.unesco.org/ark:/48223/pf0000247563