Kritisk literacy – eit undervisningsopplegg

Dei unge i dag møter eit mykje meir komplekst tekstmangfald enn tidlegare, i form av mellom anna falske nyheiter og reklame. Derfor har det no blitt eit større fokus på kritisk tenking i skolen, og kritisk tilnærming til tekst er no eitt av seks kjerneelement i læreplana for norsk-faget i fagfornyinga. I den tredje samlingsveka skulle vi i gruppe lage og presentere eit tenkt undervisningsopplegg der elevane fekk øving i kritisk literacy.

Vår gruppe tok utgangspunkt i artikkelen «Kommune i nord vil ha søringkarantene i 50 år», frå NRK Satiriks, publisert 30.mars 2020. Artikkelen/opplegget var tenkt brukt på 7.trinn, basert på desse kompetansemåla i norsk etter 7.trinn:

Elevane skal kunne:

  • orientere seg i faglege kjelder på bibliotek og digitalt,vurdere kor pålitelege kjeldene er, og vise til kjelder i eigne tekster
  • lese lyrikk, noveller, fagtekster og anna skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
  • utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilde og andre uttrykksformar og lage eigne samansette tekster

Vi valte deretter å presentere den tenkte økta for elevane våre i eit tankekart:

Utan å røpe noko, skulle teksta bli publisert for elevane som ein ordinær digital nettartikkel, og med læraren i ei uvitande rolle. Som ein type «vekas tekst» skal elevane i fellesskap bruke lesestrategien BISON for å bli kjent med teksta. Dette steget er spesielt avgjerande for den vidare forståinga, da mange elevar kan avsløre teksta som ein satire allereie her. Ved å sjå på mellom anna farga, bildar, logoar, andre nyheitsartiklar o.l. kan mange få inntrykk av at dette ikkje er ein reell nyheitsartikkel, men igjen kan mange av sjangertrekka skape usikkerheit. Teksta inneheld fleire truverdige teikn, som f.eks. ordval, omgrep, sitat o.l.

Det neste steget er nærlesing i grupper, der vi har utforma spørsmål til teksta basert på mellom anna trinnvis kritisk tilnærming til verbale ressursar, inspirert av Janks, Dixon, Ferreira og Granville, attgjeve i Veum og Skovholt (2020, s. 64):

Veum og Skovholt (2020, s. 77) seier at kva spørsmål som blir stilt til ei tekst er avgjerande for korleis elevane les teksta. Derfor er dei ulike spørsmåla vi har laga til teksta spesielt laga for å fremje kritisk literacy og refleksjon hjå elevane.

Etter ein gjennomgang i plenum, skal elevane få bruke det dei har lært om sjangertrekka til å utforme eigne nyheitsartiklar, der vekas tekst fungerer som ei modelltekst. Dei er opne til å bruke fri fantasi eller bruke lokale, nasjonale eller globale nyheiter som ein innfallsvinkel til sin eigen artikkel. Læraren er tilgjengeleg gjennom heile prosessessen og det er forventa at han eller ho skal ha tid til å kome med vurderingar undervegs. Elevane skal presentere tekstene sine og gi kvarandre-vurdering.

Til slutt summerer vi opp. Har elevane lært noko? Kanskje mange blei lurt av teksta, og vil ved ei seinare tidspunkt vere mykje meir kritisk til teksta han eller ho les.

– Knut Olav, Tordis og Veronica

 

Kjelder:

Veum, A. & Skovholt, K. (2020). Kritisk literacy i klasserommet. Oslo: Universitetsforlaget

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *