Kjære deg

I dette innlegget vil eg først og fremst ønske deg velkommen hit. Bakgrunn for bloggen er eit emne eg har som masterstudent i norskdidaktikk Eg studerer for å bli grunnskolelærar 1-7 og finn det derfor naturleg å ha fokus på lærarrolle, småskule- og mellomtrinn i bloggen. Innhaldet i bloggen vil sannsynlegvis endre retning i takt med erfaringar fra studie og praksis. Akkurat no er den eit utgangspunkt for å samle refleksjonar og skape meining. Det skjer ein verdifull prosess når tankane skal skrivast ned. Diktaren Oddbjørn Aardalen skildrar det så fint i diktet nedanfor.

 

Noko inne i meg kviler ekstra godt etter at orda har kome ned på papiret og ligg og ser på meg som setninger.

No har me blitt til noko meiningsfyllt, seier orda.

 

I neste innlegg skal eg skrive meir om den prosessen som Aardalen beskriv. Prosessar som knyter saman språk og meining. Innafor det teoretiske feltet heiter omgrepet literacy. Det er altomfattanda. Eg har valt å bruke ordet litterasitet fordi det har delar frå mit eiga språk. Når eg ser på det kan eg forestille meg kva det kan handle om. Litterasitet = litteratur i bevegelse. Høyrast ikkje det fint ut? Det heng iallefall saman med oppdagingane frå studiet så langt. Omgrepet har skapt undring og eg legg stadig merke til korleis litterasitet kan kome til uttrykk på ulike vis i mi eiga kvardag.

 

Vi språkes!

 

Anneli

 

 

 

Kjelder:

 

Norsk litterært forum. (2015, 5. februar). Dagbokskriveren som ble dikter – om Oddbjørn Aardalen. Hentet fra http://skrivekunstnere.blogspot.com/2015/02/dagbokskriverensom-ble-dikter-om.html

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *