browser icon
You are using an insecure version of your web browser. Please update your browser!
Using an outdated browser makes your computer unsafe. For a safer, faster, more enjoyable user experience, please update your browser today or try a newer browser.

Literacy – eit sett med spelereglar i møte med tekst

Posted by on 14/09/2020

Heisann! Denne bloggen har blitt til som ein del av eit norskemne eg tar denne hausten på lærarstudiet. Her skal eg dele refleksjonar, meiningar og tankar eg har knytt til ulike tema og teori. Tittelen på emnet er “Masteremne i norskdidaktikk: literacy, danning og fleirspråklighet”. 

Literacy, danning og fleirspråklegheit er omgrep eg har møtt nokre gonger dei siste tre åra på lærarutdanninga, både i læreplanar, opplæringslova og i pensumlitteratur. Literacy var mest framand av dei. Eg har lese ordet i pensumlitteratur, men det har ikkje vore eit omgrep eg har arbeidd noko særleg i dybda med, verken på eiga hand eller med klassen. Eg hadde likevel ei forståing av at det var knytte til dette med tekst og kva for kompetansar ein treng i arbeid med tekst.

Literacy som omgrep er stort og litt vanskeleg å “gripe fatt i”, spesielt ettersom det er mykje debatt om både sjølve termen literacy (skal vi heller bruke det omsette litterasitet? Eller er kanskje tekstkyndighet betre? Kva med skrivekunne, tekstdugleik eller noko heilt anna?) og om sjølve innhaldet i omgrepet. I tillegg fins det fleire typer literacy; til dømes kritisk literacy, media literacy, digital literacy, tidlig literacy og new literacies (Blikstad-Balas, 2016). Korleis skal vi definere dette vanskelege omgrepet? Og kanskje aller viktigast, meiner eg, trekke samtalen ned til kva skal vi med dette omgrepet – kva er “essensen” i omgrepet og korleis er det relevant for meg som framtidig lærar?

Debatten om kva namn som passar best på omgrepet skal eg ikkje gå inn på no. Eg er fortsatt så ny innanfor denne literacy-diskursen at eg ikkje eigentleg har gjort meg opp ei meining om akkurat det. Så det tar eg siden! Eg vil i allefall no i starten bruke literacy, siden det er mest brukt i pensumlitteratur og også det som er brukt i tittelen på emnet.

UNESCO har ein mykje brukt definisjon på literacy som eg synest forklarar omgrepet ganske godt og detaljert:

Literacy is the ability to identify, understand, interpret, create, communicate, compute and use printed and written materials associated with variying contexts. Literacy involves a continuum of learning in enabling individuals to achieve their goals, to develop their knowledge and potential, and to participate fully in their community and wider society.

(UNESCO, 2004)

Her får UNESCO fram ei forståing av literacy som ei rekke kompetansar ein treng i møte med eit utvida tekstomgrep. Definisjonen trekk også fram at literacy inneber ein prosess av læring som gjer individar moglegheiter til å nå deira mål, utvikle kunnskap og potensial, og også moglegheit til å delta i samfunnet. Ganske viktige kompetansar og læringsprosessar med andre ord! 

Ut ifrå denne definisjonen og nokre diskusjonar vi hadde fyrste samlingsuke, begynte eg å lage ein slags metafor på dette store omgrepet, noko som hjalp meg å forstå det litt betre. Kanskje er metaforen litt klisjéfylt, men i mitt hovud ga det i alle fall meining! Eg skal forsøke å formulere han her:

Etter mi oppfatning av literacy er essensen i omgrepet at vi mennesker kommuniserer, formidlar, forstår og brukar dei kunnskapane vi har om tekst (i utvida forståing) kvar dag til å møte ulike situasjonar i både profesjonelle og kvardagslege setjingar.​

Literacy handlar med andre ord om spelereglar – både formelle, uformelle og interne spelereglar, og for å ha tilgang på desse spelereglane må vi ha dei kompetansane (lese, skrive, tolke, lese kritisk osv.) som literacyomgrepet omfamnar. Spelereglane er viktige for å kunne ha tilgong på spelet.

Kompetansen literacy er sentral fordi det kan knyttast til alle mellommenneskelege situasjonar der tekst i ei eller anna form (skriftleg, multimodal, digital) er kanalen eller spelebrettet. For eksempel kan den populære appen Tik Tok vere eit spelebrett, og e-post-veksling vere eit anna.

Som når ein speler eit spill vil det ofte oppstå ulike synspunktar om kva for spelereglar som er dei riktige – kontekst og kvar enkelt sine tidligare erfaringar vil påverke korleis ein forstår spelet. Er det til dømes greit å nytte seg av emojis i ei melding med arbeidsgivar? Og korleis forstår ein bruken, eller fraværet av, emojis? Ein emoji kan også ha ein eigentleg/opprinneleg tydning, men brukes heilt annleis i ulike nettsamfunn og ulike aldersgruppar. Og kan ein skrive på dialekt på Messenger (Facebook)? Avhenger det av kven vi skriv med?

Skulen har eit samfunnsoppdrag (opplæringslova §1-1, 1998) når det kjem til å ruste elevane til å kunne delta i demokratiske prosessar og samfunnet ellers, noko literacy – og kritisk literacy – er ei viktig forutsetting for. Skulen skal altså forsøke å ruste elevane til å bli duglege spelare.

Om eg skal trekke denne metaforen enda lengre:

Om samfunnet er eit spel, tekstar i ulike former er spelebrettet, og literacy med dei ulike kompetansene omgrepet rommer er spelereglane – kan vi kanskje seie at skolen – eller læreplanen – er ein slags bruksanvisning/regelkart der spelereglane står? Spelereglane er ikkje nødvendigvis dei objektivt “riktige” – og det kan finnast fleire meininger om korleis spelet burde speles. Bruksanvisninga vil på ein måte være den måten å spele spelet på som staten til ein kvar tid meiner er riktig. Bruksanvisninga har endra seg fleire gonger opp gjennom åra, i takt med at spelet – samfunnet – endrer seg. I år (2020) har det til dømes kome ei fornying av bruksanvisninga (fornyinga av læreplanen).

Som framtidig lærar tenker eg det er viktig å holde seg oppdatert på dei ulike “spelebretta” elevane befinn seg på, ikkje nødvendigvis ved å bli ein del av dei, men å i alle fall ha ei oversikt for å anerkjenne at dei finst og at dei påverker elevane. Kanskje kan nokre av dei nyttast for å engasjere og skape rom for meir læring for fleire elevtyper? Elevene omgir seg med tekstar – spelebrett – heile dagen, kvar einaste dag. Skolen er ein viktig arena for å ruste elevane til å bli best mogeleg spelarar. 

-Ingunn J.

Litteratur:
Blikstad-Balas, Marte. (2016). Literacy i skolen. Universitetsforlaget: Oslo.
Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den videregåande opplæringa (LOV-1998-07-17-61). Hentet fra https://lovdata.no/lov/1998-07-17-61
UNESCO. (2004). The plurality of literacy and its implications for policies and programs: Position paper. Paris: United National Educational, Scientific and Cultural Organization, 13.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *