browser icon
You are using an insecure version of your web browser. Please update your browser!
Using an outdated browser makes your computer unsafe. For a safer, faster, more enjoyable user experience, please update your browser today or try a newer browser.

Kva er ei “Karen”? – språk skapar debatt

Posted by on 10/10/2020

På samling fekk vi i oppgåve å leite etter debattar eller korleis diskursar om språk eller norsk språk kjem til uttrykk. Det at språk skapar debatt er ikkje noko nytt – språk både provoserer og engasjerer. Korleis lydar uttalast, kva skriftspråk vi skal lære i skulen, kva ord som er “lov” eller ikkje å bruke og meir. Det er nok debattar å ta av! 

Etter tips frå lærar melde eg meg inn i Facebook-gruppa “Språkspalta”, og her fann eg masse gull. Gruppa inneheld mange interessante og underhaldande innlegg. Eg kom over alt frå spørsmål om rettskriving av spesifikke ord, diskusjonar om riktig bruk av ord og uttrykk, til spørsmål om opphav til diverse ord. Der finns også diskusjonar om diverse utviklingar i språket er riktig eller ikkje (sj-lyden for kj, til dømes). Noko eg la merke til var at temperaturen på diskusjonane ofte var ganske høg. Språk engasjerer og skapar debatt. Og nokon gonger kan enkle, små og tilsynelatande uskuldige spørsmål lede til store, nesten krasse diskusjonar. “Alle” har ein meining om språk – mykje mogleg fordi det er noko som angår oss alle. 

Ein av trådane eg las syns eg illustrerte spesielt godt kor mange ulike meiningar og “avsporingar” som kan oppstå i språkdiskusjonar.  Tråden starta med eit innlegg der ein person spurte kva det vil seie å være ei “Karen” og spør korleis det har seg at personnamn kan bli til eit slags fast uttrykk.  

Ifølgje Urbandictionary.com kan det å være ei “Karen” definerast slik:  

“The stereotypical name associated with rude, obnoxious and insufferable middle aged white women.” 

Ei “Karen” er den stereotypiske kvite, middelaldrande kvinnen som ofte er frekk, klagar på service og misbruker sine privileger. Til dømes er uttrykket brukt om kvinner som ringer politiet på svarte personar som ikkje eigentleg har gjort noko galt, og bruker sin “makt” til å stemple dei som kriminelle. Med andre ord, ikkje akkurat eit kompliment. Det er eit mykje brukt uttrykk i internettkultur og også i daglegtale i Norge blant spesielt unge folk. 

Og no vil “gamlingane” på Facebook finne ut kva det er! (Haha.) Eit samandrag av Facebook-tråden kjem her: 

I dei første kommentarane blir definisjonen av “Karen” diskutert. Nokon seier dei sjølve har blitt kalla Karen fordi dei blei oppfatta som hårsår. Andre seier dei har fleire “Karens” i familien og blant bekjente.  

Så utvikler tråden seg litt, da ei kommenterer at det å bruke “Karen” er ein måte å få vaksne, kvite kvinner til å tie – ein hersketeknikk. Denne kommentaren får mange svar, både frå folk som er einige og ikkje. Ein person seier at dersom ein er redd for å bli kalla ei Karen, er det berre å justere oppførselen sin. Andre seier seg einig i at uttrykket kanskje ikkje nødvendigvis starta som ein hersketeknikk, men at det har blitt det gjennom bruken, noko dei meiner kan føre til at usikre jenter er redd for å snakke høgt om ting dei er ueinige med, i frykt for å bli stempla som ei Karen. 

Ein person spør om Karen kan samanliknast med tante Sofie frå Torbjørn Egners “Kardemomme by”, og om dette kunne vore eit norsk alternativ til uttrykket. Her blir h*n motsagt, fordi “tante Sofie er streng, men rettferdig og ikkje ufyseleg som ei Karen er,”. Ein seier at “tante Sofie ville ikkje funne seg i Karens oppførsel,”.  

Nokon spør om det er for seint eller ikkje å fornorske “Karen” – ved f.eks. å bruke eit norsk kvinnenamn som er typisk for same aldersgruppe her i landet. “Ei typisk Bjørg, Gro eller Anita?”. Nokon meiner at uttrykket er nytt nok til å kunne fornorskast, mens andre meiner at Karen allereie er blitt for etablert, også i norsk språk.

Uttrykket blir også i tråden samanlikna med eit annet internettuttrykk, “Okay, boomer,” som refererer til Baby Boomer-generasjonen og som brukas om kjipe og gammaldagse personar i den alderen. Denne samanlikninga får også motstand, og det blir påpekt at “boomer” handler meir om ei aldersgruppe, mens Karen er kjønnsspesifikt.   

Fleire påpeker det interessante med at vi menneskjer ofte bruker namneuttrykk for personligheitstypar og korleis vi knytte eigenskapar til namn. Nokre dømer som tas opp i tråden: Nils, Harry, Doris, Johan eller amerikanske/engelske Sharon, Chad, Becky osv.

“Kven er denne Karen med sekk og lue på…?” spør ein person humoristisk mot slutten av tråden.

Eg synest denne tråden er eit ganske morosamt døme på korleis språk og engasjerer og provoserer. Og ikkje minst eit godt døme på kor mange ulike samtalar ein kan trekka ut frå eit einaste uttrykk! Eg synes òg det er interessant dette med at vi set personnamn på mennesketypar, og det kunne vore spanande og sjå nærare på om dette har med eit behov for å kategorisera eller om det er ein bevisst herskestrategi. 

-Ingunn J.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *