browser icon
You are using an insecure version of your web browser. Please update your browser!
Using an outdated browser makes your computer unsafe. For a safer, faster, more enjoyable user experience, please update your browser today or try a newer browser.

Forståing av internett som grunnlag for kritisk digital literacy

Posted by on 28/11/2020

I dette blogginnlegget vil eg gje ei oppsummering av forskningsartikkelen “It goes around the world – children’s understanding of the internet” (2019) av Sirpa Eskelä-Haapanen og Carita Kiili. Undersøkelsen består av intervju av 30 barn i alderen 7-9 år, som seinare vart analysert ved bruk av innhaldsanalyse. Tema for undersøkinga barn sin forståing av Internett som eit sosialt og teknisk miljø, samt korleis barna oppfattar online info som pålitelig kilde. 

Eskelä-Haapanen og Kiili (2019) begrunn si forskning med at Internett er ein svært viktig arena for literacy for barn, frå tidleg alder. Dei meiner at det å byggje eit godt fundament for kritisk tenkning omkring online info er viktig heilt frå skulestart. Dei leggjer i artikkelen vekt på at ein måte å gjere dette på kan vere å leggje tel rette for at barn byggjer ein ordentleg forståing av kva Internett eigentleg er. Dei har delt si forskning inn i tre perspektiver som diskuterast: 1. barns forståing av Internett som komplekst miljø., 2. barns oppfatningar av fordelar og risikoer med bruk av Internett og 3. barns oppfatning av truverda av online informasjon. 

Korleis forstår eigentleg barn Internett? 

Frå tidleg alder er Internett eit sentralt medium for barns læring, lesing, glede, lek og sosiale interaksjon. Eskelä-Haapanen og Kiili (2019) viser tel tidlegare studier som viser at barn har lav forståing av online-verdas kompleksitet. Samstundes viser forskning av mange foreldre ikkje meiner det er viktig for barn å forstå – sjølv om dei befinn seg der. Frå tidlegere og tidlegere alder har barn personlege digitale einhetar og onlinebrukarar, noko som kan gjere det utfordrande for foreldre å få oversikt og grunnlag for guiding.

Resultata frå denne studien viser at mange barn har vanskeleg for å forklare kva Internettet er, eller har misoppfatningar av Internett. Dei fleste refererar tel Internett som noko som er inni ein einhet (mobil, PC, iPad osv.). Kun eit barn forklarar med ein forståing av Internetts globale natur: “It goes around the world and then it is in every computer”

Resultata samsvarar med tidlegare studier, altså ein minimal eller kun delvis forståing av Internetts kompleksitet og Internett som globalt miljø (Eskelä-Haapanen og Kiili, 2019).

Barns forståing av fordelar og risikoar med Internett

Studien viser at eit fleirtal av elevane er klar over både fordelar og ulemper Internett kan ha. På spørsmål om fordelar med Internett knytta 30% av elevane Internett tel læring. 26,7% svarte ulike praksisar som forenklar kvardagan, som e-postar, bankoverføringar og søking etter nokon sitt telefonnummer. 6,7% svarte at ein fordel med Internett er at det kan nyttast tel underholdning. 36,7% svarte “vet ikkje” eller kunne ikkje kome på nokon fordelar.

Litt meir enn halvparten av barna klarte å svare ein risiko ved Internett. 23,3% svarte noko knytta tel skadeleg innhald eller kommunikasjon, 20% svara avhengigheit, 10% knytta det tel helseproblemar og 2,7% svarte mobbing (Eskelä-Haapanen og Kiili, 2019).

Eskelä-Haapanen og Kiili (2019) meiner resultata kan tyde på at det har vore mykje fokus på faremoment ved Internett, og kanskje mange har hatt samtalar om dette heime. Samstundes leggjar dei vekt på skulen si rolle også i dette spørsmålet, da det ikkje er sikkert at alle barn blir klar over dette heimefrå.

Barns oppfatting av Internett som truverdig kjelde tel informasjon

Innledningsvis i artikkelen viser artikkelforfattarane tel at konsekvensane av barns teltro tel Internett som kjelde tel informasjon og som trygg arena for interaksjon kan ha fleire konsekvensar for deira utvikling sosialt, kognitivt, fysisk og atferdsmessig (Eskelä-Haapanen og Kiili, 2019). Difor er ein god forståing av miljøet dei samhandlar i/med viktig.

I deira egen studie viser resultata at heile 40% av deltakarane hadde tvil tel truverda av online informasjon. Nokre av barna uttrykte også gode og sofisitikerte grunngivingar for deira skepsis, og referera tel korleis kunnskap vert produsert på Internett. Andre barn ga heilt konkrete dømer frå eiga erfaring for å forklare si skepsis (Eskelä-Haapanen og Kiili, 2019).

Korleis arbeide for økt forståing av Internett

Artikkelforfattarane kjem med eit par dømer på korleis ein kan hjelpe tel med å byggje opp elevanes forståing av Internett. Dei foreslår at ein kan be elevane tegne si forståing, som vidare kan nyttast som eit supplement tel elevanes kommentarar i ein klasseromssamtale om kva Internett er. Ofte kan det vere enklare for yngre elevar å tegne enn å uttrykke seg verbalt. Etter samtalen kan ein be elevane tegne på nytt.

Det leggjast også vekt på at lærarane bør nytte seg av elevanes sine kvardagserfaringar og dømer i arbeidet med å utvikle ei større forståing av Internett og Internetts truverd som kjelde tel informasjon (Eskelä-Haapanen og Kiili, 2019).

Refleksjonar

Det eg synast var særleg interessant med denne artikkelen var at den tok for seg mykje yngre elevar (7-9 år) enn det annet pensum har gjort, når det kjem til kritisk/digital literacy. Den set fokus på den realiteten at stadig yngre barn har eigne smarttelefonar og nettbrett, og at mange faktisk opphalder seg på internett frå før skulealder. Eg syntest det er eit viktig poeng at barn bør få ei ordentleg forståing av kva Internett faktisk er – altså den globale og komplekse naturen ved internett, som eit grunnlag for videre kritisk digital literacy. Det er jo nettopp det globale ved Internett som gjer både dei mange fordelane og dei risikoane som medførar. Fokus på eit godt grunnlag vil kanskje føre tel at flest mogeleg barn utviklar sunne haldningar og bruk av Internett som det nyttige verktøyet det er for både læring, kvardagpraksis, sosial interaksjon og underhaldning. Da vi diskuterte artikkelen på samling, kom vi fram til noko eg også trur er viktig; at lærarar leggjer opp til ei open samtale om Internett og innhaldet (både bra og mindre bra) som ein kan finne der. Det må leggjes tel rette for at barna tør å opne seg for vaksne dersom dei møter noko som dei opplevar som skremmande eller ubehageleg. Om ein kun sett strenge reglar for bruk av Internett uten å forklare barna kvifor dei er der, kan det kanskje føre til at færre tør å fortelje dersom dei har kome over noko dei ikkje “burde” ha sett/lest/hørt.

 

-Ingunn J.

 

Kjelde

Eskelä-Haapanen, S. og Kiili, C., (2019). It goes around the world’ – Children’s understanding of the Internet. Nordic Journal of Digital Literacy, 2019 (03-04), s. 175-187. Hentet frå https://www.idunn.no/dk/2019/03-04/it_goes_around_the_world_childrens_understanding_of_th 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *