browser icon
You are using an insecure version of your web browser. Please update your browser!
Using an outdated browser makes your computer unsafe. For a safer, faster, more enjoyable user experience, please update your browser today or try a newer browser.

Kritisk digital media literacy – instastories og reklame

Posted by on 27/11/2020

I blogginnlegget “Literacy – eit sett med spelereglar i møte med tekst” skrev eg at “Skulen har eit samfunnsoppdrag (opplæringslova §1-1, 1998) når det kjem tel å ruste elevane tel å kunne delta i demokratiske prosessar og samfunnet ellers, noko literacy – og kritisk literacy – er ei viktig forutsetting for. Skulen skal altså forsøke å ruste elevane tel å bli duglege spelare,”. I dette blogginnlegget skal eg sjå litt nærmare på dette med kritisk literacy og presentere eit undervisningsopplegg knytte tel det.

Kritisk tenkning er ein del av den overordna delen i den nye læreplanen (LK20), som skildrar opplæringas grunnverdiar. Der står det at: “Kritisk og vitenskapelig tenkning innebærer å bruke fornuften på en undersøkende og systematisk måte i møte med konkrete praktiske utfordringer, fenomener, ytringer og kunnskapsformer,” (Udir, 2019a).

Kritisk literacy er ein viktig nøkkel i arbeidet med å utvikle kritisk tenkning. Kritisk literacy handlar om korleis vi møter tekstar med ei kritisk tilnærming. Å lese tekstar med eit kritisk blikk handlar om å avdekkje, identifisere og utfordre dei “sjølvsagte” sannhetane som blir framstella i teksten (Veum og Skovholt, 2020, s. 14-15). Blikstad-Balas (2016, s. 3) påpeker at kritisk literacy også handlar om å gjenkjenne underliggande haldninger, motiver og ideologier og stelle spørsmål tel kven sine versjonar som blir framstilt som “offisielle sannheter”.

Dagens elevar møter eit mykje større mangfald av tekstar enn tidligare generasjonar – kvar einaste dag. Måten elevane møter disse tekstane på vil kunne vere avgjerande for om dei blir tekstlege aktørar eller tekstlege offer (Pandya & Avila, 2014, s. xii, gjengitt av Veum og Skovholt, 2020, s. 15). Har elevene verktøy og medvit tel å lese tekstar med ein viss motstand, vil dei både ha større grunnlag for å både kunne avsløre falske nyheitar og skjult reklame – men også tel å kunne stelle spørsmålsteikn ved korleis personar og saker blir framstilt av meir seriøse aktørar og medier. At dei “spør” teksten spørsmåla kven, kva, korleis og kor.

På samling skulle vi saman i grupper lage eit undervisningsopplegg om kritisk literacy med valgfritt fokus, og med ein tekst som vi også sjølv skulle gjere ei kritisk analyse av.

Vi valgte å sjå nærmare på korleis barn og unge møter reklame i sosiale medier. Sjølv om det er 13- års aldersgrense på dei fleste sosiale medier, betyr ikkje det at elevene ikkje opphalder seg der. Influencere er dei nye “bloggerne”, og deira jobb består i det å dele innhald som skal nettopp influence – påverke. Influencerne kan seies å erstatte den tradisjonelle reklameplakaten, reklameavisa og reklamefilmen. Mange bedrifter fokuserar berre på influencer-marketing – nettopp fordi det er det som sel best. Influencere – som opptrer som ein slags blanding av privatperson, forbilete og bedrift, sel alt i frå klær og sminke tel snekkerverktøy og babyutstyr gjennom linkar og “swipe-up”. Dei har faste målgrupper å vise tel og uklare grensar å forhalde seg tel. Og nettopp derfor er det viktig å gjere barn og unge merksame på korleis dei dagleg blir utsatt for reklame frå denne yrkesgruppa – som faktisk innehar mykje makt.

Instagram, som er ein bilde- og videodelingsapp, er ein av hovedarenaene for influencer-markedsføring. Reklame på instagram kan bestå i bileter eller videoar + tekst i innlegg som kjem opp i følgjarens feed, men det er også blitt meir og meir vanleg å fronte reklame i “story”. I ein story kan ein leggje ut bileter og videoklipp som blir borte etter 24 timer. Ein kan legge ut mange stories iløpet av ein dag, og dei vil koma etter kvarandre når ein følgjer trykker på profilens story.

Vi på gruppa hadde lagt merke tel at mange influencere leggjar ut mykje reklame på story. Det vi var spesielt interesserte i var blandingen mellom reklame-stories og andre stories der influencerne småpratar, deler personlege tankar og andre kvardagsforteljingar og -bileter. Nettopp denne “strategien”, skilljer influencerne ut frå meir tradisjonell reklame; dei opptrer som både ei venninne/ein venn av følgjeren, samtidig som dei tjener pengar på at dei “swipe’r up” på reklamane. Denne blandinga av reklame, “genuine” tips og deling av privatliv, tror vi både kan verke forvirrande, men også gjere følgjeren meir mottakeleg for reklamen.

Undervisningsopplegget var tenkt tel bruk på 6. eller 7. trinn. 

I norskfaget etter sjuende trinn skal elevane kunne:

-Lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler

-Reflektere etisk over hvordan eleven framsteller seg selv og andre i digitale medier.

-utforske og beskrive samspillet mellom skrift, bilder og andre uttrykksformer og lage egne sammensatte tekster.

I tillegg er eit av norskfagets kjerneelementar “Kritisk telnærming tel tekst”, som mellom anna inneber at elevane skal kunne reflektere kritisk over kva slags påverknad og truverd tekstar har (Udir, 2019b).

Skisse av opplegget:

Vi valgte å analysere ein story (ein heil dag) frå influencer Sophie Elise sin instagramprofil, (https://www.instagram.com/sophieelise/?hl=nb) . I undervisningsopplegget hadde vi tenkt at elevene skulle gjere denne analysen sjølv. Analysespørsmåla hentet vi frå Veum og Skovholt (2020) si bok “Kritisk Literacy i klasserommet”, der ein får fleire metodiske tips til korleis ein kan arbeide med kritisk analyse og tilnærming tel tekst i klasserommet. Å stille spørsmål tel ein tekst er ein viktig inngang til kritisk tekstarbeid, og Janks et al. (2014, s. 85), gjengitt av Veum og Skovholt (2020, s. 64 og 76), føreslår at spørsmåla er strukturert i tre trinn: spørsmål om kva/kven, spørsmål om korleis og spørsmål om kor. Det første trinnet tar for seg heilt konkret kva og kven det er vi møter/leser/ser i teksten – det verbalspråklege og visuelle innhaldet. Det andre trinnet handler om korleis det vi ser/hører blir framstilt – framstillingsmåte. Det tredje trinnet tar for seg medium og samanheng – konteksten. Det er viktig at ein som lærar bruker god tid på å tilpasse spørsmåla til den konkrete teksten ein skal arbeide med – og til elevgruppa. 

I linken nedanfor kan du sjå meir av vårt undervisningsopplegg og dei spørsmåla vi utforma – samt storyen vi tek utgangspunkt i. I tillegg gjorde vi ein egen analyse av storyen basert på spørsmåla som også kan sjåast her:

https://drive.google.com/drive/folders/1YoSSdaHaeDOfkg3XY0lFLjGe8B-olLSj

Det vi sjølv opplevde i arbeidet med analysespørsmåla, var kor openbar strategiske plasseringane, sjølve innhaldet og variasjonane av stories verkte. Dette kom spesielt fram når vi heilt konkret skulle skildre kva vi kunne sjå, lese og høyre i storyen (spørsmål om kva/kven). Når ein går inn på Instagram i kvardagen, og blar gjennom ulike stories, virker denne blandingen ofte tilfeldig og kanskje ikkje noko ein tenker særleg over. Etter å sjølv ha analysert storyen, føler eg meg litt meir skeptisk til kva eg “får servert” av influencere. Dette er eit mål eg tenkjer er viktig at elevane, som bruker så mykje tid på sosiale medier, også når – for å ikkje bli tekstlege offer. Bruk av ei trinnvis analyse av tekstar kan nok bidra til at elevane opparbeider seg nokre gode verktøy til dette.


-Ingunn J.

Kjelder

-Blikstad-Balas, M. (2016). Literacy i skolen. Oslo: Universitetsforlaget.
-Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den videregåande opplæringa (LOV-1998-07-17-61). Hentet frå https://lovdata.no/lov/1998-07-17-61
-Skovholt, K. og Veum, A. (2020). Kritisk literacy i klasserommet. Oslo: Universitetsforlaget.
-Sophie Elise. Instagramstory 28. september 2020. Hentet 28 september 2020 frå: https://www.instagram.com/sophieelise/?hl=nb
-Udir. (2019a). Overordnet del: Kritisk tenkning og etisk bevissthet. Hentet frå https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/opplaringens-verdigrunnlag/1.3-kritisk-tenkning-og-etisk-bevissthet/
-Udir. (2019b). Læreplan i norsk (NOR01-06). Hentet frå https://www.udir.no/lk20/nor01-06

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *