Korleis kan skulen bidra til at barn og unge får ein tryggare mediekvardag?

Av Madelen Navelsaker Vadstein

I ei undersøking kjem det fram at 75% av alle ungdomskuleelevar bruker datamaskin heime dagleg (Tømte et al., 2017, s. 155). Altså, dei fleste som går på ungdomskulen bruker minst éin skjerm kvar einaste dag. I tillegg er det stadig fleire som har smarttelefon, og dermed enklare tilgang på internett og sosiale media. Ein svært vanleg tanke er at barn og unge bruker for mykje tid på skjerm, og at dette berre fører med seg ulemper. Du har kanskje fått høyre at du ikkje må sjå så mykje på tv fordi du kan få firkanta auge? Dette er berre eit av mange argument vaksne bruker for å få deg til å bruke mindre tid framfor skjermen. Auka skjermbruk og bruk av diverse digitale hjelpemiddel gjer at dei har i mykje større grad blir eksponert for alt internett har å by på. Til dømes enklare tilgang på informasjon, reklame, bilete og liknande. Kva utfordringar fører dette med seg? Og korleis påverkar dette barn og unge i dag? I dette blogginnlegget skal eg ta føre meg korleis skulen kan gi elevane informasjon som gjer at dei kan få ein tryggare og betre mediekvardag.

Samfunnet vårt er i stadig utvikling, og vi bevegar oss mot ei verd der teknologien spelar ei større og større rolle. Fleire og fleire jobbar krev at ein har ein viss type digital kompetanse eller at ein skal kunne bruke diverse digitale hjelpemiddel eller utstyr. Vi utviklar oss i takt med samfunnet, og nettopp difor gir det meining at dette også spelar ei større rolle i kvardagen til barn og unge. Vi kan til dømes spole tida 20 år tilbake. På den tida vaks barn og unge opp utan den same tilgangen på internett, og sosiale media fanst ikkje. Dermed kan det tenkast at deira oppvekst var prega i mykje mindre grad av skjermbruk samanlikna med dei som veks opp i dag, der store delar av fritida til barn og unge går med til å stirre ned i ein eller annan form for skjerm.

Barn og unge bruker altså meir tid på skjerm enn nokon gong. Dei spelar spel på pc-ar eller konsollar som til dømes X-box og PlayStation. I tillegg blir det, som tidlegare nemnt, berre fleire og fleire som har smarttelefonar. Her kommuniserer dei med kvarandre, skrollar gjennom diverse sosiale media eller ser på seriar og filmar. Men det er ikkje berre på fritida barn og unge sin skjermbruk aukar. Det vert òg meir og meir vanleg å ta i bruk digitale hjelpemiddel, i form av skjerm, i skulen. Ein får stadig høyre om elevar som har eigne pc-ar eller iPad-ar og at dei stadig tek større plass i undervisninga. Dette kan vere til å løyse oppgåver på nett, sjå videoar, omvendt undervisning eller liknande. Mange er også skeptiske til den auka bruken av skjerm i undervisning, og meiner at barn og unge bruker nok tid på dette på fritida.

Men kva utfordringar har vi når det dreier seg om skjermbruk? Tømte et al. viser til ei undersøking der det kjem det fram at 77% av barn og unge i aldersgruppa 9-16 år bruker internett dagleg. Det kjem òg fram at berre 8% bruker datamaskin på skulen. (Tømte et al., 2017, s. 155). Dette viser at dei fleste barn og unge bruker internett dagleg, og noko som er viktig å tenkje på då er at vi må lære dei korleis dei kan ferdast trygt på internett. Teknologien har kome for å bli, og ein kan gjennom skulen gi elevane kunnskap til korleis handtere dette på ein trygg måte.

Auka skjermbruk fører til at barn og unge er meir eksponert for alt som fins på internett, og skulen kan bidra til å lære dei korleis dei kan ferdast trygt. Staksrud (2017, s. 177) understrekar at det er vanskeleg å ikkje vere einig i at barn og unge skal vere mediekompetente, då slik kompetanse kan vere med på å beskytte dei mot risiko og skade knytt til media. For at skulen skal kunne legge til rette for at barn og unge kan få utvikle mediekompetanse, må digitale hjelpemiddel bli teke i bruk i større grad i undervisninga. Ein må lære dei om digital dømmekraft, nettvett og kritisk tenking. Gjennom sosiale media blir vi til dømes enklare eksponert for bilete og liknande som kan tyde på at andre har perfekte liv.

Dersom dette er noko som påverkar deg negativt, kan digital dømmekraft vere til hjelp. Då det kan bidra til at ein i mindre grad blir påverka negativt.

Tømte et al. (2017, s. 156) påpeikar at skulen har ei viktig rolle når det kjem til å utjamne sosiale skilnader knytt til teknologibruk, og at dette omhandlar både bruk av og tilgang på teknologi og korleis utvikle digital dømmekraft. Dersom teknologibruken i skulen er lik for alle bidreg det til at elevane får dei same føresetnadane for å kunne ferdast trygt på internett. Det er kanskje ikkje alle som har den same tilgangen heime, og dermed er nærmast avhengige av at skulen bidreg. For at ein skal kunne tileigne seg desse digitale ferdigheitene er det viktig å ta i bruk digitale hjelpemiddel titt og ofte i undervisninga.

Fleire undersøkingar viser at internett i størst grad verkar som ein sosial møteplass (Løvlie, 2011, s. 352). Det føregår altså mykje sosialisering i form av kommunikasjon gjennom til dømes sosiale media og dataspel. Tømte et al. (2017, s. 147) skriv at situasjonar som oppstår utanfor skuletida, kan påverke skulemiljøet til elevane. Dette kan til dømes vere at ein blir utestengt frå å vere med å spele eller at ein elev får stygge kommentarar. Dette vil naturlegvis vere eit problem som påverkar dei og dermed blir teke med inn i klasserommet. Ein kan, som lærar, vere med å hindre at slike situasjonar oppstår ved at ein underviser i digital dømmekraft som til dømes nettvett.

Utdanningsdirektoratet påpeikar at digitale ferdigheiter er viktig for vidare læring, og for at ein skal kunne delta aktivt i arbeidslivet og eit samfunn som stadig er i endring. Vidare skriv dei at digital dømmekraft mellom anna dreier seg om å ta i bruk strategiar for å unngå uønskte hendingar, at ein har evne til etisk refleksjon og at ein på nett og i sosiale media vurderer si eiga rolle (Utdanningsdirektoratet, 2017). Situasjonar som dette kan vere at ein ikkje skal vere stygge med andre på internett, halde andre utanfor eller det å reflektere rundt korleis ein skal oppføre seg mot kvarandre også i sosiale media. Det kan nemleg vere enklare for nokre å kome med negative kommentarar på internett sidan dei sit gøymt bak ein skjerm. Det er dermed viktig at elevane tileignar seg digitale ferdigheiter gjennom skulen. Dette understrekar, som tidlegare nemnt, at samfunnet stadig utviklar seg til bli meir og meir digitalt, og at for at elevane skal vere godt rusta til eit slikt samfunn treng dei slike digitale ferdigheiter. Digital dømmekraft er noko som elevane treng gjennom all bruk av internett, då kanskje særleg i sosiale media.

Staksrud (2017, s. 173) skriv at det gjennom tidene har vore bekymringar knytt til mediebruk hos barn, og korleis dette kan vere ein risiko. Det har òg vore diskutert kva skulen og samfunnet kan gjere for å hindre at mediebruken får risikofylt og negativ påverknad, og at desse diskusjonane har auka i tråd med utviklinga av medieteknologien (Staksrud, 2017, s. 173). Ein viktig del av korleis skulen kan vere med på at elevane får tileigne seg kunnskap som gjer at dei kan ferdast trygt på internett, vil vere å ta i bruk digitale hjelpemiddel i undervisninga. Ein kan la elevane få utforske på internettet, både innanfor stramme rammer, men òg litt meir sjølvstendig etterkvart. Ein kan undervise i kjeldekritikk, og at det dei les ikkje nødvendigvis er sant.

Noko anna som Staksrud (2017, s. 137) påpeikar, er at bekymringane som er knytt til barn og media, i stor grad er prega av ei underliggande skeptisk haldning til om det kan føre med seg noko positivt. Mange er skeptiske til at digitale hjelpemiddel tek større og større del i kvardagen, og om dette i det heile teke er positivt. Teknologi blir gjerne oppfatta som ein trussel, før den blir overteke som kultur (Løvlie, 2011, s. 348). Digitale media har blitt ein del av kulturen til barn og unge, og då er det beste ein kan gjere å gi dei den kunnskapen dei treng for å kunne ferdast trygt på internettet.

Avslutningsvis ønsker eg å understeke at teknologien har nok kome for å bli. Barn og unge har, som tidlegare nemnt, enklare tilgang til internett enn dei nokon gong har hatt. Dette fører med seg mange utfordringar som kan få konsekvensar dersom ein ikkje sit inne med den riktige kunnskapen. Etter mi meining er då det beste skulen kan gjere, å gi barn og unge dei digitale ferdigheitene som er nødvendige for at dei skal kunne ferdast trygt på internettet med. Dette kan gjerast ved at dei får rom til å utforske på internett i undervisningssamanheng, men at dei samtidig blir fortalt kva som er viktig å tenkje på og kva dei har lov til og ikkje. Det er òg viktig at barn og unge tileignar seg digitale ferdigheiter fordi det mest sannsynleg vil vere svært relevant for dei i deira framtidige arbeidsliv. Den digitale teknologien er altså blitt ein naturleg del av livet til barn og unge. Det er dermed viktig at skulen fokuserer på korleis dei kan bidra. Kanskje bør dette inngå i eit eige fag i grunnskulen?

Referanseliste:

Løvlie, L. (2011). Teknokulturell danning. I R. Slagstad, O. Korsgaard & L. Løvlie (Red.), Dannelsens forvandlinger (2. utg., s. 347-371). Pax Forlag.

Staksrud, E. (2017). Et gagns digitalt menneske?. I B. K. Engen, T. H. Giæver & L. Mifsud (Red.), Digital dømmekraft (s. 168-183). Gyldendal Akademisk.

Tømte, K., Gudmundsdottir, G. B. & Hatlevik, O. E. (2017). Hvordan forstå og forebygge digital mobbing?. I B. K. Engen, T. H. Giæver & L. Mifsud (Red.), Digital dømmekraft (s. 146-167). Gyldendal Akademisk.

Utdanningsdirektoratet. (2017). Digitale ferdigheter som grunnleggende ferdighet. Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/laring- og-trivsel/rammeverk/rammeverk-for-grunnleggende-ferdigheter/2.1-digitale- ferdigheter/

Dette innlegget ble publisert i Barn og unges mediehverdag, Digital dømmekraft, Digitale ferdigheter, Gaming, Skjermbruk, Sosiale medier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *