Tilgangskompetanse, tekstkultur og literacy

I Maagerø og Tønnesen(2014) sin bok om multimodal tekstkompetanse, går dei også nærare inn på mange sentrale omgrep eg synst er interessant, mellom anna omgrepet Tekstkulturer. Her peikar dei på samanhengen mellom kulturell endring og endring i tekstformar og kjem med fleire eksempla på det.

 

I dag må ein stadig handtere tekstar i ulike sosiale samanheng, og det gjeld å forstå situasjonen som ein kommuniserer i og kva for kulturelle rammar som gjeld for den.

Det er viktig for å sjå skilnad mellom å bruke tekstar til personlege, offentlege eller profesjonelle forhold. Å kva treng ein for å kunne sjå skilnadane her? Jo! Ein form for kompetanse må ein jo ha.

 

Ein må kjenne att og sjølv vere i stand til å sjå skilnadane mellom sjangrar, situasjonar, forstå seg på kulturelle rammar, Ein må og kunne vurdere sjølv i kva for situasjon ein kommuniserer for personlege formål, og i korleis situasjon ein kommuniserer offentleg og profesjonelt og ikkje. Her trur eg det finst mange fleire eksempla ein kan kome med, men det eg skal frem til no, er at det Maagerø og Tønnesen her skriv om kan knytas i samanheng med noko vi er allereie er inne på, å da tenker eg sjølvsagt på Literacy.

 

Det eg automatisk tenkte på når eg las om tekstkulturar, er at det kan knytas til literacyomgrepet, og at det handlar jo om mykje av det same; – ein form for tilgangskompetanse ein treng for å vere deltagar i samfunnet. Literacy handlar sjølvsagt om meir enn berre tekstkulturar, og eg tenker at tekstkulturar kanskje heller meir mot å vere ein form for literacy.

 

Videre problematiserar dei korleis skulen og skulen sin tekstkultur har lange tradisjonar og mykje makt. Utgangspunktet for boka deira handlar om vår kultur som stadig er i endring, og dermed også tekstane i kulturen. Endringa meiner dei, bør få konsekvensar for korleis ein arbeider med tekstar i skulen. I følge forfattarane har skulen forbindelseslinjer til faglige tradisjoner i relevante vitenskapsfag, samtidig som skolens tekster er gjenstand for pedagigisk tilrettelegging (Maagerø og Tønnesen, 2014. s. 21) Når ein møte ulike tekstkulturar blir det fort eit spørsmål om dominans og legitimitet, og ein må gjere val om kva for tekstar som skal verdsettas og vidareføras. Boka deira peker mykje i retning av multimodal tekstkompetanse, men eg meiner dei og har fleire viktige poeng ein kan knyta i samanheng med literacy.

 

Kjelde: Maagerø og Tønnesen (2014.) Multimodal tekskompetanse. Portal akademisk, Kristiansand

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *