Korleis si meininga di via literasitet?

Som lærarstudent lærer vi at vi skal gi elevane ei stemme og ruste dei for å bli samfunnsborgarar og ein del av demokratiet. For å kunna ytra sine eigne meiningar og bli ein del av demokratiet bør ein vita korleis ein forhold seg til normene i dette. Ein kan tenka på literasitet som ein tilgangskompetanse (Blikstad-Balas, 2016, s.30) som kan vera med på å opna for å ta del i eksempelvis demokratiet. Dette handlar om å kunna meistra ”språket som blir brukt” på eit bestemt område slik at du kan vera delaktig, ergo myndiggjering. Veum og Skovholt (2020, s.24) nemner at elevane må utvikla evna til å analysera og setja spørsmål ved og forstå dei språklege og visuelle vala som forfattaren eller tekstskaparen har gjort og valt. Her kan ein trekka inn retorikken, og korleis ein vel å tilpassa det du skal ytra mot tilskodarane eller dei som er mottakarar. Korleis tilpassa det du skal seia slik at du får ytra det på best mogleg måte? Veum og Skovholt (2020, s.24) har ein modell for kritisk literacy som viser korleis ein kan analysera eller legga opp ein tekst: Makt à Tilgang à Design og redesign à Mangfold ( à tilbake til Makt). På denne måten kan elevane læra og analysera tekstar og sjå korleis dei påverkar mottakarar. Blikstad-Balas (2016, s.29-30) nemner kritisk literacy om å møta tekstar med motstand og kritikk, og å kunna forstå kva dei underliggande haldningane, motiva og ideologiane til teksten er. I skildring av norskfaget (LK20) står det beskriva slik:


Faget norsk skal ruste elevene til å delta i demokratiske prosesser og skal forberede   

dem på et arbeidsliv som stiller krav om variert kompetanse i lesing, skriving og muntlig kommunikasjon. (…) Gjennom arbeid med faget norsk skal elevene bli trygge språkbrukere og bevisste på sin egen språklige og kulturelle identitet innenfor et inkluderende fellesskap (…).” (Utdanningsdirektoratet, 2019)

 

Ei anna side ved å bli ein del av demokratiet og ha kunnskap og kompetanse rundt dette er å forstå kva som er med på å påverka andre og kjensla deira. Retorikken legg opp til bruk av ulike ”termar” som har ulike måtar å påverka mottakarar. Eksempelvis er politikarar som nyttar seg av dette for å påverka veljarane sine, eller reklamar som påverkar kundar. Om elevar lærer om korleis dei kan bli påverka, så kan det endra deira syn og ta eigne standpunkt. På same måte kan elevane læra korleis dei kan påverka andre for å ytra meiningane sine, og kanskje vera observante på korleis dei ordlegg seg. Demokratiet gir rom for å ytra det ein ønsker og tenker (til ein viss grad) og retten til å vera einig eller ueinig i det andre seier. Dette kan vidare knytast opp mot kritisk literacy som er nemnt over, der elevane må vera reflekterte og kritiske til kva dei les og korleis dei vel å uttrykket det dei meiner, som vidare kan knytast opp til danning og medborgarskap. At elevane må læra å bli kritiske tenkjarar er òg knytte til dei grunnleggande evnene (Veum og Skovholt, 2020, s.11). Vidare nemner Veum og Skovholt (2020, s. 16) at kritisk literacy er eit grunnleggande prinsipp om demokrati og likeverd, og har som mål å gi elevane moglegheit til å stilla spørsmål, analysera, ytra motstand og handla.

 

Nøkkelomgrep om kritisk literasitet, henta frå boka til Blikstad-Balas (2016, kap. 1): Kritisk til tekst og møte med kritikk og motstand, kva er sanning, ulike verkelegheitsbilde, skulens dobbelrolle, tilgangskompetanse.

 

Nøkkelomgrep om kritisk literasitet, henta frå boka til Veum og Skovholt (2020, kap. 1):  Kompetanse, teoretisk felt, didaktiske metodar, kunsten og bedømma, demokrati og likeverd, tekstlege aktørar, grunnleggande evner og danning.

 

Blikstad-Balas, M. (2016). Literacy i skolen. Oslo: Universitetsforlaget.

 

Veum, A., Skovholt, K. (2020). Kritisk literacy i klasserommet. Oslo: Universitetsforlaget.

 

Utdanningsdirektoratet. (2019). Norsk NOR1-6 – Fagets relevans. Henta den 20.11.20 frå: https://www.udir.no/lk20/nor01-06/om-faget/fagets-relevans-og-verdier

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *