Diskursar og literacy i lys av sosiokulturell læringsteori

Etter snart fem år på lærarutdanninga, er det nokre omgrep og læringsteoriar ein nærmast kan sjå som ein «raud tråd» gjennomgåande, særleg i pedagogikkfagane. Det er sjølvklart fleire eksempla som kan presenterast, men i dette tilfelle er det Vygotskij og den sosiokulturell læringsteori, som eg ønske å fremme som eit klassisk eksempel når det blir tale om læring, i skulesamanheng. Dei grunnleggande momentane i sosiokulturell læringsteori, er at menneske lærer i sosiale situasjonar, gjennom språk og samhandling med andre. Den sosiale praksis verkar inn på korleis ein ter seg og tilpassar seg andre. Språk er eit av dei viktigaste reiskap for å tileigna seg kunnskap, og for å vere ein del av eit samfunn i utvikling.

 

I skulesamanheng er det jo nettopp det ein gjer, ein lære i sosiale situasjonar, gjennom språk og samhandling med andre, og det er nok også ein av grunna til at den sosiokulturelle læringsteori stadig har vært aktuell å henvise til. Vidare er det sjølvsagt også andre som har kome med nyttige omgrep knyta til læring, og i samanheng med literacy som er i hovedsete, vil eg nemne Marthe Blikstad-Balas. Ho har skrive bok om sjølve omgrepet literacy og ulike tilnærmingar til det, Literacy i skolen(2016). Mellom anna, skriv ho om korleis vi tileigna oss literasitet, at det er noko vi gjennom primær og sekundær diskursar møter og tileignar oss i sosiale praksisar. Det vil sei, ikkje veldig ulikt det eg nemnte om sosiokulturell læringsteori som i eit forenkla perspektiv kan koplas saman med literacy.

 

Primærdiskurs handlar ifølge Gee (2012) gjengitt i Blikstad-Balas om den første språklege situasjon barnet kjenner til, ofte kvardagssituasjon, basert på følelsa, erfaringa og det ein får gjennom nære relasjonar i heimen. Her inngår morsmålstale, kulturen den er satt i også vidare. Sekundærdiskurs er det du møter i samfunnet, som tildøme skule og barnehage. Språkmessig kreves det ein vidare forståing utover heimespråk og primærdiskursen, og ein må tileigna seg ein form for kompetanse for å delta i dei ulike arena ein kan møte sekundært. Språkbruk i skulen sine ulike fag, er eit døme på sekundærdiskursar, som alle har ulike språkpraksisar. Blikstad-Balas problematiserer korleis elevar som berre «insisterer» på å vere «seg sjølv» språkleg, forblir i primærdiskursen og oppleve utfordringa i skulen sitt språk og når dei etterkvart møte ulike diskursar. Eit anna døme er korleis barn som er vandt med å møte akademisk språk, har eit betre utgangspunkt enn barn som ikkje er vant til dei akademiske diskursane. Men kva er eigentleg diskurs for noko?

 

I følge store norske leksikon (2020), handlar diskurs om samtalar, språk, handlingsmønster, og tenkemåta. Det kan tildøme og handle om språklege eininga som er ytra i ein type kontekst, som er prega av ideologiske, sosiale, institusjonelle eller språklege føresetnadar. Diskurs kan tildøme handle om at du samtaler med nokon, og etter ein stund kjenne noko felles, som tildøme menneska som har opplevd noko av det same. Kanskje noko ein tenke at «ingen» eller få forstår som ikkje har opplevd det. Eit døme kan vere dei som har fått eller mista eit born. Dei som tilhøyrar ein slik type diskurs, får kanskje i møte med andre som tilhøyre same diskurs, ein kjensle av noko «felles» som og gjer det enklare å forstå kva som er greit og ikkje, det kan kanskje opplevast frigjørande og samtale med nokon innan same diskurs.

 

Med andre ord kan ein her også sjå koplinga til den sosiokulturelle læringsteori, kor ein samhandlar og ytrar seg med og mot andre, gjennom språk og handlingsmønster. Ein må lære seg å kjenne att og sjå kva for handlingsmønster som passar best i dei ulike diskursane, tildøme skulediskursen og dei ulike diskursane innanfor der igjen. Sist men ikkje minst, det er jo ikkje helt ulik det vi har nemnt om literacy heller? Noko felles som går igjen, er at det handlar om ein form for tilgangskompetanse, til sosiale praksisar, literasitetar og diskursar, som en lærar og tilegnar seg, ofte gjennom og i samhandling med andre(sosiokulturell læringsteori og Vygoskij).

 

Kjelder:

 

Blikstad-Balas, Marthe (2016), Literacy i skolen. Oslo: universitetsforlaget

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *