Sj-lyd og kj- lyd- Kva veljar eg?

I følgje Språkrådet (2020) har det sidan 1980-årene vore fleire debatter omkring språkendringa knytet til sj- og kj- lyden. Eg sjølv har personleg fått kjenne på nokon av utfordringane og argumenta som blir brukt i desse debattane. Dermed ønsker eg å fortelje litt om korleis erfaringar eg har til sj-lyd og kj-lyd, for å forsøke å illustrere nokon av utfordringane og konsekvensane tilknytte denne språkendringa.

Ein personleg forteljing

I sju-/åtteårsalderen flyttet eg og min familie til eit gardsbruk i utkanten av byen. Eg fekk fleire venner på den nye bustaden, men også ein ny måte å uttale visse ord på, til fortviling for moren min. Stadig vekk korrigerte hun på måten eg valte å uttale ord med kj-lyder, slik som kjøtt, kylling, kjole og mykje annet. Eg kunne ikkje forstå kvifor det var så viktig å bruke kj-lyd på desse orda så lenge eg vart trygg på korleis eg skulle skrive og stave dem, fordi mesteparten av dei eg kjente på skulen sa det akkurat slik som eg; «sjole» og «sjøtt». Moren min sitt argument var at dette var feil måte å uttale kj-lydane på, hun greidde dette ut med å forklare at desse bestemte orda skriv ein med kj-lyd og dermed seier ein ikkje sj-lyd. Eg forstod litt av poenget til ho mor, men ikkje nok til at eg valte å legge om måten eg utalte kj-lydane på, berre i dei situasjonane eg kunne ane at mor lytta til korleis eg valte å sei orda. Tiden gjekk og etter kvart fekk eg erfare noko som forandra korleis eg valte å stille meg til desse kj-lydane.
Ein heilt vanleg dag var eg på tur heimover etter et besøk hos ein eldre nabokone, på vegen heim møte eg ein av dei mest nysgjerrige naboane i område. Den nysgjerrige naboen spurte meg om kva som var i posen eg bar på, og eg svarte at eg hadde fått eit «skjørt». Naboen gjentok spørjande; «Sa du sjøtt». «Nei, eg sa skjørt» svarte eg, og videre prøvde eg å forklare at eg ikkje hadde sjøtt men skjørt. I same augeblikk måte eg innrømme at eg ikkje sjølv klarte å høyre noko stor forskjell på dei to orda eg uttalte. «Ja, sjøtt!» svarte naboen. For meg sjølv tenkte eg at nå skjønner eg poenget til ho mor, og at heretter skal eg bli meir bevisst på å ikkje bruke sj-lyd på kj-orda. For å løyse misforståelsen måtte eg ty til litt fleir omgrepa, eg forklarte at eg hadde skjørt som ein bruker som klede og ikkje sjøtt som ein brukar å ha i frysaren. Eg og naboen ble einige om at vi begge nå forstod kva eg hadde i posen, og vi kunne gi eit stadfestande nikk til kvarandre før eg tok til å vandre heim. På vegen heim priste eg meg lykkeleg for at eg fekk moglegheit til å erfare kor lett ein kan misforstå dersom ein bruker sj-lydar på kj-ord, og eg var takknemleg for at det var i ein situasjon der eg skjønte at det var ein misforståing, og ikkje i ein situasjon kor begge tenker at vi har forstått kvarandre utan å eigentleg å ha gjort det. Enkelt forklart kunne noko liknande ha skjedd i ein meir alvorleg situasjon, eg var heldig å berre erfare det med ein nysgjerrig nabo, som eigentleg ikkje har noko med kva eg har i posen.

Eigne erfaringa i møte med språkforskarane

Nå 16 år seinare er eg nysgjerrig på om det finnes ein løysning på samanfallet mellom lydane sj- og kj-, og korleis bør ein stille seg i møte med denne utfordringa? På bakgrunn av min personlege erfaring med dette temaet, så meiner eg at samanfallet av desse lydane byr på utfordringar knytet til det å forstå kvarandre, og videre til unødvendige mistydinga. Derimot kan det hende at det i prinsippet er umogleg å stoppe denne språkendringa, og at det dermed er meir fordelaktig å ikkje forsøke å bremse denne språkendringa, men heller la den få spelerom. Med andre ord har eg en del spørsmål eg ønskjer å finne eit svar på.

Simonsen og Moen (2006) nemner at nokon meiner at språkendringa knytet til sj-lyden og kj-lyden, handlar om fråfall i språket, og at slurv i det munnlege språket er ein av årsaka, mens dei som språkforskar ser på det som eit samanfall med interessante årsaker. Videre nemner dei at årsaka til samanfallet er komplekse/samansett, og under har eg forsøkt å lage ein kort liste over det dei trekk fram som moglege årsaker:

  • Sj-lyden og kj-lyden ligg artikulasjonsmessig nært kvarandre i munnhola.
  • På verdsbasis er det få språk som skiller mellom sj-lyden og kj-lyden.
  •  Skillet mellom Sj-lyden og kj-lyden er noe av det siste som finner sted når barn utvikler språk.
  • Det er fleire som begynner på sj-lyden enn kj-lyden som barn bruker, og dette kan gjøre sj-lyden som en «vinner» i samanfallet.
  • Sosiale forhold påvirker, for eksempel dersom du har eit annet morsmål enn norsk eller bare det å vise tilhørighet til en gruppe som benytter sj-lyden.

Alle dei årsaka som er nemnt ovanfor viser kor mange faktorar som verker inn på denne språkendringa, og i tillegg får dette meg til å tenke at det ville ikkje vere mogleg å snu denne språkendringa dersom eg, mora min, naboen og nokon fleire personar veljar å bevisst skilje mellom sj-lyden og kj-lyden. Nesse og Sandøy (2019) uttrykker at all levende språk er alltid i endring, og at desse endringsprosessane går føre seg på både individ-, gruppe- og samfunnsnivå, og dette seier også Simonsen og Moen (2006) noko om i sitatet under.

«For foreldre og lærere er det naturligvis helt legitimt å påpeke at man synes at uttalen med bare sj-lyd er feil. Men vi tviler på om en slik påpekning vil ha noen effekt, for språk er ikke noe som læres og overføres gjennom normative regler fra generasjon til generasjon, men snarere noe som må gjenoppdages og gjenskapes av hvert individ, i samspill med sin generasjon.
Hvis vi ikke klarer å styre språkutviklingen selv, og det er sannsynligvis verken riktig eller mulig, er det i alle fall interessant og viktig å vite hvilke fonetiske, kognitive og sosiale prosesser som styrer den!» (Simonsen og Moen, 2006)

På bakgrunn av det dei nemnte språkforskarane seier, forstår eg det slik at det ikkje vil være hensiktsmessig å gjere motstand mot språkendringa knytet til sj-lyden og kj-lyden. Men at det heller kan hjelpe å undersøkje prosessane som påverkar språkendringa. Eg og andre i min situasjon må kanskje heller forsøke å finne ein metode for å skilje mellom ord som «sjole» og «sjøtt», og ein skal ikkje sjå bort ifrå at dette vil skje så gradvis at vi ikkje veit ordet av det før det ikkje er noko stort problem likevel. Debatten videre handlar mest sannsynleg om korleis dette vil påverke det skriftlege språket, men det får er vurdere om eg sett av tid til å undersøkje nærmare ved ein seinare anledning.

Kjelder:
Nesse, A og Sandøy, H. (2019). Språkendring. I: Norsk språkhistorie- ei ny språkhistorie i fire bind. Henta frå: http://nsh.novus.no/bind-i/innhald/kapittel-1-sprakendring/ 28.09.2020

Simonsen, H. G. og Moen, I. (2006). Fonetisk perspektiv på sammenfallet av sj-lyden og kj-lyden i norsk. I: Språknytt 1/2006. Henta frå: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/2006/Spraaknytt_1_2006/Fonetisk_perspektiv/ 28.09.2020

Språkrådet (2020). Skal vi på sjino? Om sammenfallet av sj-lyd og kj-lyd: https://www.sprakradet.no/svardatabase/sporsmal-og-svar/skal-vi-pa-sjino-om-sammenfallet-av-sj-lyd-og-kj-lyd/ Henta: 7.09.2020

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *