Literasitet og den digitale kvardagen

Kvardagen er omgitt av digitale og multimodale tekstar og denne teknologien krev heilt andre kompetansar enn det som blir kravd frå tradisjonelle tekstar eller det som er utanfor det digitale. Digital literasitet er slik eg oppfattar det, alt som handlar om det digitale. Frå bruk av digitale verktøy for tekstformidling, til korleis ein forhold seg på det opne nettet. Blikstad-Balas (2016, s.27) tar opp at media- og digital literacy er ganske like og går litt over i kvarandre, men at dei likevel er viktige å skilja mellom dei. Media literasitet treng ikkje nødvendigvis å vera digitale, men ho påpeikar at det går meir og meir mot å bli det. Ser ein på kompetansemåla i dei ulike faga så blir det lagde òg ein del vekt på at elevane skal kunna nytta seg av digitale verktøy og evner.

 

Døme på nokon av kompetansemåla frå etter 7.klasse i norsk, frå LK06 (Utdanningsdirektoratet, 2013):

  • Bruke digitale kilder og verktøy til å lage sammensatte tekster med hyperkoplinger og varierte estetiske virkemidler.
  • Velge ut og vurdere informasjon fra bibliotek og digitale informasjonskanaler.
  • Presentere et fagstoff tilpasset formål og mottaker, med eller uten digitale verktøy.

 

Døme på nokon av kompetansemåla frå etter 7.klasse i norsk, frå LK20 (Utdanningsdirektoratet, 2019):

  • Orientere seg i faglige kilder på bibliotek og digitalt, vurdere hvor pålitelige kildene er, og vise til kilder i egne tekster.
  • Skrive tekster med funksjonell håndskrift og med flyt på tastatur.
  • Reflektere etisk over hvordan eleven framstiller seg selv og andre i digitale medier.
  • Presentere faglige emner muntlig med og uten digitale ressurser.

 

Dette er berre eit utdrag frå nokon av kompetansemåla frå dei ulike læreplanane som spesifikt seier noko om å nytta seg av digitalt. Som lærer kan ein derimot nytta seg digitalt av dei aller fleste kompetansemåla om ein sjølv ønsker det. Blikstad-Balas (2016, s.28) nemner media literacy som å ha kompetanse om korleis bruka, forstå og skapa media-tekstar, og vidare korleis menneske kommunisera og stelle seg til informasjon. Dette er noko eg meiner at kompetansemåla over inngår mykje i sjølv om dei er spesifikt retta mot det digitale. I den digitale kvardagen er det derfor kanskje vanskeleg å skilja media literacy og digital literacy slik Blikstad-Balas nemner? Det digitale, døme internettet, er nærast som ein heilt eiga verda, ein parallell verda til vårast eigen. Så korleis nå ut til dei eller den ein ønsker, og korleis navigera seg gjennom eit hav av digitale plattformer, uttrykk, personar og normer? Dagens barn blir nærast fødde inn i ein digitalisert verda og mange er flinke på den typen teknologi som dei lever opp med. Over det digitale ha ein moglegheit til å vera sosial, ytra seg sjølv og visa makt. Kvar og ein kan seia meiningane sine over internett, og digital identitet er noko som mange unge og elevar kanskje har eit stort fokus på. Sosiale medium og det digitale påverkar mange unge på både godt og vondt, og her er kritisk literasitet viktig å læra (òg elevane). Nokon tankar rundt dette er kva som er greitt og ikkje å publisera, og kva reaksjonar kan ein få? Kva symbol kan brukast og kva gjer dei med innhaldet? Kva konsekvensar har dette for meg og korleis kan eg uttrykka det eg ønsker på ein slik måte at det ikkje kan misforståast?

 

Nøkkelomgrep om digital literasitet, henta frå boka til Blikstad-Balas (2016, s.51): Andre lesemønster, multimodale nett-tekstar, digitale spel, sosiale medium og endra maktforhold mellom lesar og forfattar.

 

Blikstad-Balas, M. (2016). Literacy i skolen. Oslo: Universitetsforlaget.

 

Utdanningsdirektoratet. (2013). Læreplan i norsk – NOR1-5. Hentet den 26.11.20 fra: https://www.udir.no/kl06/NOR1-05/Hele/Kompetansemaal/kompetansemal-etter-7.-arstrinn#

 

Utdanningsdirektoratet. (2019). Læreplan i norsk – NOR1-6. Hentet den 26.11.20 fra: https://www.udir.no/lk20/nor01-06/kompetansemaal-og-vurdering/kv110

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *