Literacy som overordna omgrep

Literacy kan sjåast på som eit overordna omgrep over dei ulike kompleksitetar ein stadig må tileigne seg for å være og bli del i eit demokratisk samfunn. Literacy omfamnar altså forståing av å ha fleire dugleikar og kan ikkje sjåast på som éin konkret dugleik. Nokon nyttar omgrepet literacy på engelsk, andre omset omgrepet til sitt eige språk. Her er først nokre døme på kva for omgrep som ofte blir nytta i Noreg: tekstkunne, skriftkunne, lesekunne, tekstkyndighet/dugleik, tekstkompetanse, skriftkomptanse m.fl.

I lærarutdanninga fikk vi ein oppgåve kor vi skulle definera vår forståing av omgrepet Literacy, og vi ønskte gjerne og gjere det om til vårt eige språk då det opplevast lettare å forstå. Vi starta med definisjonen fra Unesco som er ein definisjon, som vi omsat til nynorsk for å gjere den nærare framfor Engelsk. Tanken var at det kanskje kunne opplevast enklare å bestemme kva for omgrep ein vil nytta seg av når ein forstår definisjonen betre, men det viste seg å ikkje vere så enkelt likevel. Vidare vil eg nemne fleire ulike måta og forstå omgrepet på som dei andre lærarstudentane nemnde, og litt ifrå litteraturen.

Nokon argumentera for at omgrep bør seie noko om kva ein skal gjere, altså bør verb i, og om omgrepet definerast for å gjere det tydeleg kva ein skal ha dugleik til. Her meiner ein gjerne at omgrepet handlar om ein eller fleire spesifikke kompetansar du tileignar deg, som tildøme skriftkompetanse, lesekompetanse, tekstkompetanse (eller dugleik). Det gjer ein klar framstilling av at det er noko som handlar om skrift, lese og/eller skrive og det blir kanskje meir konkret enn berre ordet literacy. For andre blir det problematisk og definera ”skrift” så konkret, då dei oppfatta at omgrepet handlar om mykje meir enn bare skrift, lese og/eller skrive. Då vil omgrep som skriftkunne, skriftkompetanse, lesekompetanse o.l ikkje fungere som erstatning eller omsetjing for literacy.  Andre meine igjen at det er skrive eller lesedugleik det handlar om, og at ein bør vere tydeleg på kva ein skal gjere og tileigna seg for å ta del i eit samfunn som medborgar. Argumenta som kjem er at det er heilt oppklart at det er dét literacy handlar om, og at dei ulike literacy ein tileignar seg, uansett involvera ein form for det.

Eg vel å nytte literasitet som eit paraplyomgrep, då eg meiner det fortsatt i dag i dei aller fleste samanheng er naudsynt med ein forklaring av kva ein siktar til uansett, og då vil omgrepa tekstdugleik, lese/skrivedugleik og liknande, vere gode omgrep for å beskrive kva det er tale om.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *