Er det positivt at elevane har sin eigen PC på skolen?

Av Ard Joar Løseth

Eg er en student går grunnskulelærar utdanning 5-10 på UiT i Tromsø og i dag skal eg ta på meg oppgåva på å gi et svar på spørsmålet om det er positivt at elevane har sin egen pc på skolen. Sjølv er eg ein gamal sjel som vart uteksaminert frå ungdomskolen før det vart vanleg at alle elevar skulle ha sin egen PC på skolen. Vi hadde eit PC-rom kor vi kunne skrive oppgåver på PC når vi skulle øve oss på å skrive på PC. Vi tenkte aldri at ikkje så mange år framover i tid skulle alle elevar ha sin eigen berbare PC som de kunne bruke i alle fag, ikkje berre norsk. I løpet av studiet har vore I løpet av studiet har eg vore ute på praksis i mange ungdomskular i Tromsø og har sett mange klasserom kor PC-kulturen har vore forskjellige frå kvarandre, men likt var at alle elevar skulle ha sin egen skule-PC. Derfor vil eg diskutere spørsmålet «er det bra at elevane får kvar sin skole Ipad/pc?

Debatten rundt skole pc/Ipad har vore stor og opplysande kor lærarar og forskarar har diskutert om det er nyttig for elevane å bruke skole-pc. Det er har vore diskutert om det berre er eit forstyrrande element i ein allereie forstyrrande kvardag, og om det er det er skadelig for elevanes kognetive og sosiale utvikling. Nesten alt du kan tenke på har vore diskutert.

I nokre klasserom som eg har vore i har elevane ikkje brukt skulebøker i det heile tatt. Dette kan både være positivt og negativt, med tanke på korleis du ser på det. Oddbjørn By i en kronikk i aftenposten viser til studiar utført av Nilsen Norman groups finner at elevar leser 6-10 % saktare enn i bøker. Dette kan kanskje hørast ut som det ikkje er en stort problem, men når en tar i tak i at mange norske elevar ser på seg sjølv som svake lesarar kan ein tenkje seg til at ein burde legge til rette for at elevar skal bli så god å lese som mogleg.

PC kan brukast til mykje anna enn berre enn å skrive tekstar. I artikkelen til Elisabeth Rongved referer ho til studiar gjort av av forskningsgruppa «Respons», og visar til at pc kan brukast til mykje nyttig innanfor undervisning viss PC-en blir brukt riktig. I artikkelen viser ho til ein tankekarts øvelse i KRLE hvor elevane skulle lage eit tankekart på PC-en som læraren hadde tilgang til. Dermed kunne læreren sjå gjennom kva elevane kunne og kva dei hadde misforstått og gi tilbakemelding dirkete til elevane. Ho kunne også sette opp gruppar basert på kva elevane kunne. Videre refererer ho i artikkelen til Skaftun som sier at dette førte til at det vart meir dialog mellom lærar og elevane som gjor det lettare for at elevanes interesser og motivasjon kunne koblast opp mot undervisninga.

Forsking innanfor temat som en autralsk review-artikkel kjem med har tre forskere gått gjennom forskning om Ipad er eit nyttig undervisningsverktøy for barn mellom 9 – 14 år og funnene deira er delt. De viser til at det positive med Ipads er at elevane kan lettare samarbeide, finne informasjon og kunne tilpasses til kvar enkelt eleves nivå. Det er også mykje enklare å bruke multimodale tekster i undervisningen med Ipad. Videre skriv dei at Ipad har utan tvil potensialle til alt dette, men forskinga ikkje er klar på om Ipad-basert undervisning i praksis funkar like bra som i teorien. De siterar også forsking som visar at når elevane skriver ned ting for hand så huskar det informasjonen betre enn når de skriver på pc eller på Ipad.

I artikkelen viser de også til at i eit tradisjonellt klasserom brukar elevar nesten 50% av tiden på å utvikle finmotorikk gjennom å skrive for hand, male, teikne osv.. Når ein bytter ut det å skrive for hand med å skrive på pc/Ipad så forsvinner vesentleg mykje av denne treninga av finmotorikk. De visar vidare til studiar som visar en korrelasjon mellom utviklinga av fin motorikk og utviklinga av kognitiv utvikling. Dermed er de kritiske til å bytte vekk handskriving mot skriving på Ipad.

Vidare diskuterar de at det er mange positive sidar med Ipad som å lettare kunne finne informasjon, samarbeide, jobbe med multimodale tekstar osv., men de fann og negative sidar som at Ipad kan være eit stort forstyrelses moment for både elevar og lærar i klasserommet. De visar også til at det studiar som hintar om at Ipad-bruk aukar læringa i klasserommet er inkonlusive. Sjølv om forskininga går mest gjennom Ipad bruk så tenkjar eg at mykje av det kan relaterast til pc bruk.

Det eg sjølv har sett ute i praksis er at bruk av pc i klasserommet krever mykje av læraren og av elevane. Lærara må kunne identifisere når det er nyttig å bruke pc, og ikkje bruke den som en notatblokk eller utan eit formål. Eg sjølv har undervist i timar kor elevane har brukt PC og har opplevd at det kan være positiv og negativt. Eg har opplevd at elevane har brukt pc til å finne informasjon om tema de skal utforske i naturfag og virkeleg fordypt seg i informasjonen de har funna på nettet. I motsettning har eg opplevd i en annen time at elevane haldt på med spel og sosiale media utan å jobbe med faget i det heile tatt. Dette tykjar eg er veldig forståleg. Det krevar mykje sjølvdisiplin av en 9.klassing å sette seg ned foran pcen og ikkje logge seg inn på sosiale mediar eller finne fram eit spel når de skal lese ein kjedelig tekst på nettet. Det eg tar ut av erfaringane mine som lærar i timar kor elevane jobbar med pc er at det er viktig å ha konkrete mål når ein jobbar med pcen. Elevane må også trenes opp på korleis ein skal kunne jobbe med pc på ein god måte.

Ein ting eg har sett som eg tenkar er veldig positivt som kanskje ikkje har med pc/Ipad å gjere men meir med digitalisering av skolen er at timeplanene legges ut i en mappe for elevane. Elevane kan lett gå inn på elevbrukaren sin med mobilen/pc/Ipad og sjå ka slags timar dei har den dagen og kva de skal gjøre for kva time. Dette førar til ein meir strukturert skoledag for elevane. Ein anna ting som eg meinar er positivt med bruk av pc i skolene er at som læarar kan eg lett gå inn på Teams og sjå kva elevane har skreve på f.eks ein naturfagsrapport. Deretter kan eg lettare tilpasse undervisninga til kor langt klassa har koma innanfor eit tema/oppgåve.

Eit anna poeng som eg tykjar er vitkig argument for at vi burde ha enkelt pc-ar i skolen er å utvikle den digitale kompetansen til elevane. Med digital kompetanse meiner eg ikkje berre å kunne skrive tekstar på PC, men også de å kunne navigere seg gjennom informasjon på nettet. Dette meinar eg er viktigare enn nokon gang med tanke på så mykje misinformasjon som er ute på nettet. Å kunne skille fakta frå tull er ein viktig egenskap som elevane burde lære gjennom skoleløpet. Det har også vert eit stor fokus i samfunnet på «fake news» og hvordan dette påvirkar demokratiet. Som det står i skolen overordnet del skal skolen skape oppgåande demokratiske borgarar som skal kunne delta i demokratiet. Det å kunne finne å behandle informasjon digitalt er en av fem ferdigheter som elevene skal kunne for å meistre digital kompetanse. Det er også viktig innanfor fleire fag som samfunnsfag og naturfag. I naturfag er det å kunne finne fram pålitelege kildar og vite korleis ein kan stola på ein kjelde ein viktig del av faget. I min erfaring er elevane ganske flinke til å trykke på første linken som kjem på google og stolar på den blindt. Dette kan være fordi det er så mykje informasjon på nettet at det blir vanskeleg å filtrere ut dårlig informasjon.

Digital kompetanse er ein av fem grunnlegjande ferdigheitar elevane skal kunne når de er ferdig på skolen på lik linje med lesing og skriving. Derfor i ein kvardag som vert meir og meir digitalisert burde vi ta læring av digital kompetanse på alvor.

Uansett om du er kritisk til om elevane skal ha egen skole pc/Ipad har det koma for å bli. Digitaliseringa av skolen har mange fordeler, men også store utfordringar som må løysast for at det skal virkeleg komme elevane og skolen til gode. Eg ser på denne fasen vi er i no som ein overgangsfase kor det er først no vi verkeleg opplever problema som kjem med digitalisering. Dette vil krevje mykje av både lærarar og elevane, men kanskje mest av

lærarar. Dei må tilskaffe seg ein digital kompetanse som er stor nok til å kunne hjelpe elevane med den kvardagen som vert meir og meir digitalisert. I tillegg vil det krevje mykje klasseledelse for at elevane skal få mest mogleg utbytte av pc/Ipad. Alt i alt synast elevane at det er gøy og motiverande å jobbe med pc og det gir store moglegheitar for å forbetre og variere undervisninga. Det viktigaste er kanskje å vite når ein skal eller ikkje skal bruke pc.

Referanseliste

Boon, H. J., Boon,  L., & Bartle, T. (2021). Does iPad use support learning in   students aged  9–14 years?     systematic review. The Australian Educational Researcher, 48(3), 525–541.     ttps://doi.org/10.1007/s13384-020-00400-0      

Rongved, E. (2020). Egen PC til hver elev kan gi nye muligheter i undervisningen. Henta frå https://www.uis.no/nb/egen-pc-til-hver-elev-kan-gi-nye-muligheter-i-undervisningen

Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordnet del – Demokrati og medvorgerskap. Fastsatt som froskrift ved den kongelig resolusjon. Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og- danning/tverrfaglige-temaer/demokrati-og-medborgerskap/?lang=nob

Kunnskapsdepartementet. (2017). Digitale ferdigheter som grunnleggende ferdighet. Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/laring-og- trivsel/rammeverk/rammeverk-for-grunnleggende-ferdigheter/2.1-digitale-ferdigheter/

Amundsen, M. & Garmannslund, P.E. (2015). Leseferdigheter og motivasjon for lesing på ungdomstrinnet. Logpeden, 2015(3), s. 19. Henta frå https://portal.styreweb.com/api/files/3570765/0Kh6MBu1RUu5TsN4EY3eGA/Logopeden%203-15.pdf?DocLinkId=15794&ref=%2finformasjon%2fnyheter%2fvis%2f%3fT%3dLogopeden%25203-15%26ID%3d26940%26af%3d155

Dette innlegget ble publisert i Digital dømmekraft, Ipad i skolen, Profesjonsfaglig digital kompetanse, Teknologistøttet læring. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *