Korfor literacy?

I denne teksten ønsker eg å sjå nærare på omgrepet literacy, og forsøke å få eit innblikk i kva omgrepet inneheld og om ein kan bruke eit omgrep på norsk som dekker dette innhaldet.

Eg har valt å støtte meg til UNESCOs definisjon av literacy, som lyder slik:

“Literacy is the ability to identify, understand, interpret, create, communicate and compute, using printed and written materials associated with varying contexts.​

Literacy involves a continuum of learning in enabling individuals to achieve their goals, to develop their knowledge and potential, and to participate fully in their community and wider society.​ (UNESCO, Språkrådet, 2002)”

Årsaka til at eg har valt å ta utgangspunkt i UNESCOs definisjon, er fordi den nemner fleire av dei viktige aspekt ved literacy, blant anna at det handlar om evna til å kunne identifisere, forstå, tolke, skape, kommunisere og berekne, ved hjelp frå trykte og skrivne materialar i eit variert utval av kontekstar. I tillegg tek definisjon for seg kva literacy skal bidra med, nemleg å myndiggjere kvart enkelt individ slik at dei kan nå måla sine og delta i nærmiljøet og samfunnet generelt.

Utfordringa med omgrepet literacy, er at ein kan oppleve det framand og er samtidig eit veldig vidt omgrep, som kan gjere det vanskeleg å få tydeleg avklaring på kva omgrepet inneheld. Det er fleire norske omgrep som forsøker å avløyse det engelske omgrepet literacy, samt seie noko om kva det handlar om, til dømes; skriftkunne, tekstkompetanse og tekstdugleik.  Orda tekst og skrift er omgrep som er gangbare i kvardagsspråket (primær diskurs)  og for ein vanleg kvinne og mann i gata blir desse orda  sannsynlegvis assosiert med alt som er skrive med bokstavar, men for dei som har kjennskap til det “utvida” tekstomgrepet, kan ordet tyde meir enn bare tekstar som er bygd opp av bokstavar.  Med andre ord kan  ein risikere å utelukka  munnlege tekstar om ein vel å bruke ord som skrift og tekstar, og dette kan fungere som eit argument imot det å bruke nokon av dei nemnte norske omgrepa, nemleg at dei kan verke for snevre. I tillegg kan desse omgrepa verke for avgrensande ved at dei ikkje seier noko om det kulturelle aspektet som literacy-omgrepet inneheld i følge UNESCO sin definisjon. Til dømes bruker dei norske omgrepa som -dugleik, -kompetanse og -kunne, og desse orda assosierer eg med  det å ha ein ferdighet og evne. Kort fortalt handlar  dei nemnte orda om å meistre noko knytt til tekst/skrift, og på bakgrunn av dette kan ein påstå at dei ikkje seier noko om å kunne bruke tekst i ulike samanhengar/kontekstar. UNESCOs definisjon nemner at literacy handlar om å meistre skriftleg materiale i ulike samanhengar og kontekstar, og fleire av dei norske omgrep som handlar om literacy som ferdighet kan bli misvisande. Ein kan også stille spørsmålet om det er for seint å komme med norske omgrep som kan avløyse literacy? Som allereie er eit etablert omgrep innanfor faglitteratur, til dømes bruker Blikstad-Balas (2016) omgrepet i boka si «Literacy i skolen». Det å velje å bruke omgrepet literacy vil kunne gjere det «enklare» i internasjonalt samarbeid og i samtidig fremme ein sekundærdiskurs ved å bruke fagomgrep, derimot kan det at  omgrepets er vidt og framand stå i vegen for det å forstå omgrepet. Eg tykkjer det er vanskeleg å avgjere korleis omgrep som kan vere fordelaktig å bruke, eit forslag er å ikkje utelukka nokon av dei ulike omgrepa, men heller velje å bruke omgrepet literacy som eit paraply-omgrep. Dermed kan ein velje korleis omgrep som passer best i ulike situasjonar utifrå kontekst, innhald og mottakar. Basert på utfordringane nemnt ovanfor, ønsker eg ikkje å utelukka nokon av omgrepa heilt enda, men heller bruke dei som er mest passande og forklarande i dei ulike kontekstene eg er i.

Kjelder:

Språkrådet (2002).  Literacy- Hvilket ord kan jeg bruke i stedet for literacy på norsk?: https://www.sprakradet.no/svardatabase/sporsmal-og-svar/literacy/. Henta: 20.08.2020

Blikstad-Balas, Marte (2016). Literacy i skolen. 1. Utgåve. Oslo: Universitetsforlaget.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *